Helse og omsorg

Korttidsplass på sjukeheim

Vindafjord kommune gir tilbod om korttidsplass ved ein av institusjonane sine til personar som på grunn av sjukdom eller funksjonssvikt har behov for opphald i ein avgrensa periode.

Målet for tenesta er å gi tryggleik til pasienten ved tilbakeføring til heimen, lindre liding og førebyggje sjukdom / avgrense følgjene av sjukdom.

Pasienten får hjelp til å dekke sine grunnleggjande fysiologiske behov, og hjelp til å meistre sin nye livssituasjon. Legetilsyn og nødvendig behandling vert gitt, saman med observasjon og vurdering av funksjons- og hjelpebehov.

Tenesta gir høve til å delta i eit fellesskap og tilbod om aktivitet, og legg til rette for at pasienten kjenner seg trygg. Ein får òg nødvendig vedlikehald av - og kompensasjon for - tapte funksjonar m.a. ved tilpassing av hjelpemiddel.

Tenesta er heildøgnsbemanna, og blir betalt etter satsar fastsett av kommunestyret.

 

Søkje om plass

Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Ta kontakt med Servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på.

Alle som søkjer vert kontakta av saksbehandlar innan 3 veker.

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester (PDF, 43 kB)

Takstar - Tenester i Pleie og omsorg Eigenbetaling - Som vederlag for opphald ved Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet vert det nytta maksimalsatsar som sentrale styresmakter til ei kvar tid fastset i samsvar med Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstenester av 16.12.11. - For korttidsopphald betalar brukarane fast pris i tråd med tilrådd maksimumsbeløp frå sentrale styresmakter. Deretter utrekna sum basert på inntekt/utgift jfr. forskrifta. - For langtidsopphald regulerer forskrifta kva ein skal betale. Fribeløp er fastsett statleg. Nyttar maks takster. - Enkelte dag eller nattopphald reguleres av statlege satser. Betaling for aktivitetstilbod er inkl. transport, opphald, middag og kaffi
Takstar - Tenester i Pleie og omsorg
Teneste Takst
Middagsutlevering med vedtak kr 85,-
Middag med dessert kjøpt i kantina kr 130,-
Tryggleiksalarm pr. månad (inkl. tellarskritt) - under 3G kr 228,-
Tryggleiksalarm pr. månad (inkl. tellarskritt) - over 3G kr 436,-
Installasjon av nye alarmar, og nedtaking ved opphør pr. gong kr 550,-
Aktivitetstilbod for heimebuande eldre - 0-4 G, pr dag kr 110,-
Aktivitetstilbod for heimebuande eldre - Over 4 G, pr dag kr 140,-

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65