Helse og omsorg

Demensomsorg i institusjon

Demensomsorg i institusjon er i Vindafjord kommune lagt til Vindafjordtunet i Vats.

Tilbodet er for personar med ulike fasar av demens, som har behov for institusjonsopphald, eller personar med forvirringstilstand/uro utan ferdigstilt diagnose der utredning er ein del av tilbodet.

Kommunen sitt hukommelsesteam (PDF, 674 kB) kan hjelpe med utredning.

Målet for tenesta er å skape eit trygt og meiningsfylt tilvære, og om mogleg oppleve trivsel i kvardagen. Tenesta skal hjelpe brukaren til å ivareta sine ressurser og sin identitet, integritet og evne til å kommunisere lengst mogleg.

Tenesta gir hjelp til å dekke grunnleggjande fysiologiske behov, og daglege gjeremål. Ein vil leggje til rette for fellesskap og aktivitet tilpassa den enkelte, samtidig som ein vil ivareta og vise respekt for eigenverd og sjølvbilde.

Avdelingane er oversiktlege, og har einerom med dusj og toalett. Det er døgnbemanning med stabilt personale, og høve til besøk etter eige ynskje. Alle som mottar tenesta skal ha mål og tiltaksplan samt primærkontakt.

 

Søkje om plass

Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Ta kontakt med Servicetorget eller pleie- og omsorgskontoret om det er noko du lurer på.

Søknadsskjema blir skrive under av søkjar, evt. pårørande eller hjelpeverge. Søkjar vert kontakta innan 3 veker.

 

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester (PDF, 43 kB)

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65