Helse og omsorg

Aktivitetstilbod innan demensomsorga

Vindafjord kommune har aktivitetstilbod for personar med ulike fasar av demens som har behov for kontakt med hjelpeapparatet og for eit tilpassa aktivitetstilbod.

Målet med tenesta er å hjelpe personen til å ivareta sine ressursar, sjølvbilde og integritet, samt å bidra til at personen kan bu heime lengst mogleg.

Dagsenteret tilbyr fellesskap, aktivitet, mat og drikke. Me har fokus på å hjelpe den enkelte til å kompensere for tapte funksjonar.

Dagsenter for heimebuande med demens blir organisert slik:
Måndag: Dagsenter på Vindafjordtunet kl. 09.00-14.00
Tysdag: INN på tunet på Øvregård (Imsland) kl. 09.00 – 14.00
Onsdag: INN på tunet på Haugen gard (Skjold) kl. 09.00 – 14.00
Torsdag: Dagsenter på Vindafjordtunet kl. 09.00 – 14.00

Som tilleggsteneste kan ein kjøpe frukost. Ved bingo, utflukter eller andre tilstellningar utanom det vanlege kjem ekstra utgifter.

Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Søknaden vert behandla innan 3 veker. Rekning vert sendt ut 1 gong pr. månad.

 

Les meir i brosjyre for Dagsenter for heimebuande med demens. (PDF, 422 kB)

Serviceerklæring - Helse- og omsorgstjenester (PDF, 43 kB)

 

Klikk for stort bilete

Dagsenter INN på tunet er støtta med prosjektmidlar frå ExtraStiftelsen gjennom Nasjonalforeningen for folkehelse.

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65