Tilbodet gjeld aktivitet, mat, drikke og sosialt samvær.
Ølen omsorgssenter: Tenesta er open måndag til torsdag kl. 09.30-14.00 (med unntak av høgtidsdagar). Tilbodet har plass til 15 brukarar kvar dag. Skyss til og frå aktivitetstilbodet i eigen buss, høyrer med.
Vindafjordtunet: Tenesta er open onsdag og fredag kl. 09.30-14.00 (med unntak av høgtidsdagar).
Programmet består av individuelle tilrettelagde aktivitetar, middag, kaffi og forfriskingar. I tillegg kan ein kjøpe frukost, frisør eller fotpleie som tilleggsteneste. Ved bingo, utflukter og ekstra tilstellingar kjem ekstra utgifter.
Brosjyre om Dagsenter tilbod i Vindafjord kommune (PDF, 422 kB)
Ein skal søkje på eige skjema, sjå kommunen sitt Søknadssenter. Søknaden vert behandla innan 3 veker. Rekning vert sendt ut 1 gong pr. månad.
Serviceerklæring - Helse- og omsorgstenester (PDF, 43 kB)