Helse og omsorg
Vindafjord kommune

Ønskjer du å jobbe medan du tar utdanning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar?

Me kan tilby nye gode stipendordningar i pleie- og omsorgstenesta i Vindafjord kommune, både for studentar (PDF, 381 kB)og elevar (PDF, 382 kB).

Ta kontakt med
Evelyn Alvseike, Ølen omsorgssenter: evelyn.alvseike@vindafjord.kommune.no
Anna Steinsland, Vindafjordtunet: anna.steinsland@vindafjord.kommune.no

Extrastiftelsen logo

Vindafjord kommune har aktivitetstilbod for personar med ulike fasar av demens som har behov for kontakt med hjelpeapparatet og for eit tilpassa aktivitetstilbod.

Målet med tenesta er å hjelpe personen til å ivareta sine ressursar, sjølvbilde og integritet, samt å bidra til at personen kan bu heime lengst mogleg.

Ølen 33

Ølen omsorgssenter ligg i Ølen sentrum. Omsorgssenteret har 30 institusjonsplasser, og gir heimetenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Det er både korttidsplasser og langtidsplasser på senteret, i tillegg til Dagsenter for eldre og kjøkken som blant leverer mat til heimebuande.

 

Inne- og utetenesta er samordna slik at dei tilsette per idag jobbar både ute i heimetenesta og inne på avdelingane. Helse og omsorg er for tida i ein prosess der det blant anna blir vurdert å gå vekk frå integrerte tenester.

Vindafjord kommune gir tilbod om langtidsopphald ved ein av institusjonane sine til personar som på grunn av sjukdom eller omfattande funksjonssvikt ikkje lengre kan bu i eigen heim, og som har behov for døgnkontinuerleg hjelp og tilsyn.

Vindafjord kommune gir tilbod om korttidsplass ved ein av institusjonane sine til personar som på grunn av sjukdom eller funksjonssvikt har behov for opphald i ein avgrensa periode.

Målet for tenesta er å gi tryggleik til pasienten ved tilbakeføring til heimen, lindre liding og førebyggje sjukdom / avgrense følgjene av sjukdom.

Demensomsorg i institusjon er i Vindafjord kommune lagt til Vindafjordtunet i Vats.

Tilbodet er for personar med ulike fasar av demens, som har behov for institusjonsopphald, eller personar med forvirringstilstand/uro utan ferdigstilt diagnose der utredning er ein del av tilbodet.

Kommunen sitt hukommelsesteam (PDF, 674 kB) kan hjelpe med utredning.

Vindafjordtunet 1

 

Vindafjordtunet er delt inn i to soner, sone 1 er demensomsorga og sone 2 er geriatrisk avdeling og heimetenester til Skjold, Vats og Vikebygd.

Inne- og utetenesta er samordna slik at dei tilsette jobbar både ute i heimetenesta og inne på avdelingane.

Det er to omsorgssenter i Vindafjord kommune. Vindafjordtunet i Vats, og Ølen omsorgssenter i Ølen.

Vindafjord kommune har tilbod om aktivitetar for heimebuande som treng tilsyn, aktivisering, eller sosial kontakt.

Målet for tenesta er å medverke til å skape inspirasjon og trivsel i kvardagen, og hjelp til å oppretthalde eige funksjonsnivå.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Helse og omsorg
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering