Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Fakta om Vindafjord

Vindafjord kommune er ein kommune på 620 km2 som ligg på halvøya Haugalandet i Nord Rogaland.
 

Skiltet som seier at du no er i Rogaland Fylke og Vindafjord Kommune - Klikk for stort bilete

Kommunen grensar til Tysvær, Suldal og Etne. Frå sjøsida grensar Vindafjord mot Sveio, Stord og Kvinnherad. Namnet Vindafjord kjem frå «Vindafjorden», fjorden som dannar den sørlige grensa mot Suldal.

Vindafjord kommune og Ølen kommune vart slått saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men kommunale tjenester ligg også i Sandeid. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.

For første kvartal 2020 var det 8 702 innbyggarar fordelt på desse 9 bygdene: Vikebygd (549), Bjoa (431), Skjold (1584), Vats (1198), Vikedal (811), Sandeid (1078), Imsland (314), Ølensvåg (907) og Ølen (1813)

For oppdatert statistikk for befolkning, bustad, arbeid og utdanning, helse og kommunen sin økonomi, sjå Kommunefakta SSB - Vindafjord  eller KS sin oppdaterte statistikk for befolkning/demografi, økonomi og arbeidsliv og demokrati og politikk KS statistikk for Vindafjord

Kommunehuset ligg i Ølen, og kommunen har eit svært samansett næringsliv, hovudsakeleg basert på industri, landbruk og tenesteytande næring. Vindafjord er den 5. største landbruks-kommunen målt etter husdyrhold.

I Vindafjord har mange aktivitetar og sjåverdighetar. Her finn du ein fin natur med fjell og fjordar, der du kan gå tur, bade, fiske. Dei tre høgste fjella i Vindafjord er Bjørndalsnuten (1016 moh.), Høgenut (967 moh.) og Gullvassnuten (954 moh.). Oversikt over det flotte friluftslivet og turforslag finn du her.

Ølensvåg er den største bygda i Vindafjord, målt i antal bedrifter. Her finn du: Ølen Betong, Westcon, Omega, Granberg Garveri og Berge Sag & Trelast.

Kommunen har 2 sjukeheimar, Ølen omsorgssenter som ligg i Ølen, og Vindafjordtunet som ligg i Vats. I Ølen, Skjold og Vikedal finn du legekontor.

Klikk for stort bilete   

2010 - Klikk for stort bilete

Velkommen til Vakre Vindafjord!

Me har nå eit 3 årig prosjekt frå 2018-2021 med mål om å få fleire til å busetja seg i kommunen.

Vidare er målet å få auka kompetanse om kva som skal til for å få ein auke i tilflyttinga og ein betre kvardagsattraktivitet.

Det er viktig å støtte prosjekt som tilfører bygdene nye innbyggarar og bidrar til varig god kvardagsattraktivitet.  

Det er sett av 700 000.- over 3 år til dette prosjektet.

Unni-Marie Lien sitt hus. Her er det turistinformasjon og sal av rosemalde ting.

 Det fins mange stadar for overnatting, møtevirksomhet og meir i kommunen, me har laga ei enkel oversikt.

Skiltet som seier at du no er i Rogaland Fylke og Vindafjord Kommune

Det er 9 Grendeutval i Vindafjord.

Fagarbeidar i vatn og avlaup - Leif M. Dale.

Både innanfor kommunale tenester og i private bedrifter er det stor sjanse for at du finn noko som passar for deg!

Blåbærlyng

Vindafjord kommune har 9 levande bygder med stort engasjement frå innbyggjarane.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30