Val 2017

Måndag 11. september er valdagen for storting- og sametingsval 2017. 

valdagen den 11. september må du stemme i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 1. juli 2017.

Skal du stemme på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Fristen for å stemme på førehand i Noreg er seinast 8. september. Dersom du stemmer på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil stemma automatisk bli sendt til heimkommunen.

Det er kommunane som bestemmer kva for vallokale som skal brukast og opningstidene for desse, både ved førehandsstemminga og på valdagen. Ta derfor kontakt med kommunen for nærare informasjon om vallokale og opningstider. 

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får stemt i Noreg, kan du stemme på førehand hjå mange av dei norske utanriksstasjonane. Fristen for å stemme på førehand utanriks er innan 30. august. 

Meir info på Valg.no

Sist endra 15.06.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering