eDialog - sikker innsending av dokument til kommunen

Vindafjord kommune har tatt i bruk eDialog. Med denne tenesta kan du trygt sende oss brev og dokument sjølv om dei er unnateke offentlegheit.
Mange sender dokument til kommunen via e-post. E-post kan vera ein usikker kanal fordi den kan hackast, e-postar kan stoppast i spamfilter eller ikke koma fram av andre årsaker.
Ved å nytta tenesta eDialog, kan du no senda oss dokument via ein sikker kanal.
Vi oppfordrar både privatpersonar og bedrifter til å nytta eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!
HER FINN DU EDIALOG FOR VINDAFJORD KOMMUNE
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID mv)
Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumentet du vil sende oss .
Slik fyller du ut skjemaet:
-
Velg om du er privatperson/innbyggar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
-
Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
-
Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret hvis dette er kjent.
-
Kommentar: Skriv ev. ein utfyllande tekst om sendinga di.
-
Hugs å laste opp relevante vedlegg. Sjekk at filtypen er godkjent (pdf,jpg m.fl)
-
Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og vert sendt direkte til vårt sak/arkivsystem.
-
Du får kvittering med referansenummer på e-post (fra svarut.ks).
Vi ønskjer primært PDF dokument. Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format:
For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har egen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".
Du skal ikkje bruke eDialog dersom:
-
Kommunen har elektroniske skjema til føremålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling, søknad om SFO mm.
-
Innsendinga gjeld enkle spørsmål som ikke skal journalførast hos oss. Då kan du sende e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no eller direkte til ein tilsett.
Publisert03.10.2017 11.42