Gebyr for vatn og avløp

Alle bustadhus og fritidshus med innlagt vatn må betala for avløp ut.

I tettbygde strøk der det er utbygt offentleg leidningsnett, får huseigar faktura for abonnementsgebyr for kloakk og for forbruk. Forbruk er det same som for vatn, og kan vera etter stipulert mengde eller etter vassmålar.

Dei som ikkje er knytt til kommunalt nett får tilsynsgebyr for privat avløpsanlegg frå kommunen. I tillegg får dei faktura for tømming av slamavskillar og slamtank frå Haugaland interkommunale miljøverk, HIM.

Er det ikkje med eit av desse gebyra for offentleg kloakk eller tilsyn av privat anlegg, må huseigar ta kontakt med kommunen.

Merk at det også skal betalast ekstra for kjellarleilegheit eller garasjeloftleilegheit for både vatn og avløp.

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr

Gebyrliste Vindafjord kommune