Utarbeida reguleringsplan

  • Ein reguleringsplan er eit kart over eit avgrensa område i ein kommune.
  • Planen skal tydeleg visa framtidig utnytting av området, og gi ei avklaring av kva bygge- og anleggstiltak som kan gjennomførast i området.
  • Til plankartet følger det også med eit sett med reguleringsføresegner.

Det er to typar reguleringsplanar: områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. Områdereguleringsplanar kan berre utarbeidast i kommunal regi, medan detaljreguleringsplanar kan vera både i privat og kommunal regi.

Bestilla oppstartmøte

Når ein ønsker å gå i gang med reguleringsarbeidet, må det utarbeidast eit planinitiativ. Planinitiativet skal utarbeidast i samsvar med Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova § 1. Det skal sendast til kommunen før ein bestiller oppstartmøte med kommunen.

Innsending av planinitiativet og bestilling av oppstartmøte skal gjerast via postmottak@vindafjord.kommune.no. Tilbakemelding frå kommunen om møtetidspunkt blir gitt innan 2 veker frå kommunen har fått bestillinga.

Utarbeida og senda inn forslag til detaljreguleringsplan

  • Konsulentfirmaet som utarbeidar reguleringsplanen varslar oppstart av planarbeidet i media, samt at det blir publisert på kommunen sine nettsider, og eventuelt på kommunen si Facebook-side. Det må også sendast eige varsel til grunneigarar, festarar og andre rettshaverar, naboar, gjenbuarar, aktuelle lag og organisasjonar, velforeiningar, offentlege myndigheiter og organ, samt andre som kan ha interesse av planarbeidet, eller blir omfatta av arbeidet.
  • Kunngjeringa består av ei kartskisse med avgrensing av planområdet og ei framstilling av forslaget med omtale av det planlagte formålet og eventuelle konsekvensar. Det må også opplysast om kvar ein kan senda inn merknadar og kommentarar.
  • Om planen krev konsekvensutgreiing (KU), skal planprogrammet leggast ut på høyring samtidig.
  • Frist for merknadar skal settast til 6 veker frå varsling.

Plankonsulent skal utarbeida planforslag etter siste SOSI-versjon for digitale planar: sjå Nasjonal produktspesifikasjon for digitale planer.

Alle dokument skal sendast inn i filformat PDF, men føresegnene må også sendast i redigerbart format (Word). Plankart må i tillegg sendast i filformat SOSI.

Nødvendig dokumentasjon

  • Planomtale med risiko- og sårbarheitsanalyse.
  • Reguleringsføresegner.
  • Digitalt plankart.
  • Konsekvensutgreiing (KU) ved krav om KU.
  • Varslingar, kopi av kunngjeringsannonse (datert), samt varslingsbrev og liste over kven som er varsla.
  • Merknadar og uttalar til planforslaget. Merknadane som er komne inn skal sendast inn saman med forslagsstillar sine eigne kommentarar.
  • Eventuelt nødvendig tilleggsdokumentasjon.

Offentleg ettersyn og høyring

  • Saksbehandlingsfrist er 12 veker frå det er mottatt eit komplett planforslag.
  • Ved mottak av planforslaget blir dokumenta gjennomgått og eventuelle manglar blir opplyst om.
  • Komplett planforslag blir behandla og lagt fram for teknisk utval, som fatter vedtak om forslaget skal leggast ut til høyring og offentleg ettersyn.
  • Kommunen kunngjer så vedtak om offentleg ettersyn og høyring i media, på kommunen sine nettsider og eventuelt på Facebook.
  • Dei samme partane, offentlege instansar og andre som fekk varsel om oppstart av planarbeidet, vil også bli varsla i eige skriv.
  • Det blir bedt om innsending av merknadar og uttale innan 6 veker, enten til postmottak@vindafjord.kommune.no eller i brev til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Planvedtak

  • Når høyringsfristen er gått ut, sender kommunen innkomne merknadar og uttalar til plankonsulent for vurdering og kommentarar.
  • Merknadar og uttalar med kommentarar blir etter dette innarbeida i planforslaget.
  • Plankonsulent sender så eit revidert planforslag til kommunen.
  • Eit ferdig planforslag blir behandla i teknisk utval, og teknisk utval si innstilling blir så sendt over til kommunestyret, som fattar eit endeleg vedtak om godkjenning av reguleringsplanen.
  • Etter at planen er ferdig behandla blir reguleringsplanen kunngjort i aviser og på nett, samt at partar, naboar, offentlege instansar og andre blir informert om vedtaket.
  • Det blir så sendt ut faktura for behandlinga.

Aktuelle lovar og forskrifter

Godkjente reguleringsplanar og kommuneplan finn du under Planar og høyringar.

Gebyr

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Sissel Aarvik
Sissel Aarvik
Seniorrådgivar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 48 10 03
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80