Vikedal, Søndenåfeltet bustadområde - Planending - Offentleg ettersyn

Plankart ending Omega 365 Areal

Omega 365 Areal AS er engasjert av Vikedal Anlegg og eiendom AS til å utarbeide reguleringsendring etter forenkla prosess jf. § 12-14, 2.ledd i Plan- og bygningslova. 

Endringane er at ein ønsker meir fleksibilitet i kva for tomter som skal byggast ut med to bueiningar, i staden for at dette kravet skal gjelde berre for tomtene 10-12. I tillegg er det forslag om å regulere inn snuhammar på tilkomstvegen til tomtene 10-12 og endre eigarform til offentleg veg, då alle andre vegar i reguleringsplanen er offentlege.

Vindafjord kommune har konkludert med at desse endringane fell innanfor rammene av det som kan betraktast som ein enkel planprosess og planforslaget blir derfor sendt direkte på uttale. Dette gjeld endringar i reguleringsplan som i lita grad påverkar gjennomføring av planen for øvrig, ikkje går ut over hovudrammene i planen, og heller ikkje berører omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Dette varselet må derfor betraktast som einaste moglegheit til å uttale seg før vedtak vert fatta, jf. plan- og bygningslova § 12-14, 3. ledd. 

Eventuelle merknadar/innspel knytt til planarbeidet kan sendast til: 
Omega 365 Areal AS på telefon 975 40 000, Omega 365 Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 18.10.2024.

Vedlegg:

Du kan sjå planen digitalt her