Formålet med endringa av planen er å leggje til rette for bustadbygging i sentrum.
I gjeldande plan (1160_2003-23-01 Ølen sentrum – del 1, vedtatt 13.06.00) er areala satt av til kombinert formål; bustad, forretning, kontor. Planområdet som skal endrast er på ca. 1,1 daa, og ligg i Ølen sentrum.
Vindafjord kommune har konkludert med at endringsforslaget fell innanfor ramma av det som kan betraktast som ein enkel planprosess utan offentleg ettersyn. Dette gjeld endringar i reguleringsplan som i liten grad påverkar gjennomføringa av planen, ikkje går ut over hovudrammene i planen, og heller ikkje får følgjer for omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Det føreliggande varsel må difor betraktast som einaste moglegheit til å uttale seg før vedtak blir godkjent, jf. plan- og bygningslovens § 12-14, 3. ledd.
Sjå vedlagte planføresegner, plankart, planskildring, illustrasjonar og referat frå oppstartmøte.
Kontakt
For nærmare informasjon om planarbeidet kan du kontakte LY areal & landskap:
Kontaktperson: Hjørdis Hausken
Telefon: 92 41 05 16
E-post: hjordis@ly-al.no
Merknader og innspel
Eventuelle merknadar/innspel sendast innan 03.02.23 til:
E-post: hjordis@ly-al.no eller
Adresse: LY areal & landskap, Pb. 358, 5501 Haugesund
Vedlegg
Planskildring Sjoargata 30 datert 20.12.2022 (PDF, 6 MB)
Plankart oppdatert datert 20.12.2022 (PDF, 587 kB)
Situasjonsplan datert 20.12.2022 (PDF, 552 kB)
Føresegner Sjoargata 30 datert 20.12.2022 (PDF, 180 kB)
Referat frå oppstartsmøte 19.12.2022 (PDF, 205 kB)