Ølensvåg, Berge, bustadområde - Varsel om oppstart av reguleringsarbeid

Klikk for stort bilete

I samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova vil me med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av Terje Aarekol og Knut Egil Berge m.fl. skal utarbeide forslag til reguleringsplan for søndre og nordre Berge i Vindafjord kommune. Planområdet ligg fordelt på Søndre Berge (Område A), Nordre Berge (B) og sør for Bjoavegen ved sjøen (C) og omfattar gnr./bnr.: 307/ 1 og 8, 308/ 1,13,15,23,66. Planområdet ligg ca. 1 km nordaust frå Ølensvåg sentrum, og går fram av vedlagte kart. Varsel om oppstart vert lagt ut på desse nettsidene: vindafjord.kommune.no og areal.omega.no. Vedlagt finn de planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet med kommunen. 

Området er i arealdelen til kommuneplan for Vindafjord kommune 2017-2029 sett av til byggjeområde for bustadar, og utgjer eit totalt areal på ca 31 dekar. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for nye bustadar med tilhøyrande funksjonar. Tilkomst til områda vil vere via eksisterande vegar.

Planarbeidet er av Vindafjord kommune vurdert å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) då området er avsett til føremålet i overordna plan.

For nærmare informasjon kan du kontakte Omega Areal AS på telefon 975 40 000.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller via e-post areal@omega.no innan 23.05.2021.

Etter meldingsfristens utløp vert sjølve planforslaget utarbeidd og sendt inn til kommunen.
Etter 1. gangs handsaming vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med eventuelle merknadar, innspel og motsegn til planforslaget før endeleg handsaming av planen.