Kommuneplan – varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av forslag til planprogram

Vindafjord kommune har starta arbeidet med å revidere kommuneplanen, både samfunnsdelen og arealdelen.  Kommuneplanen skal vere ein overordna og strategisk plan for kommunen. Planprogrammet er oppskrifta på korleis revisjonen av kommuneplanen skal gjennomførast.  

Kommunen varslar med dette at arbeidet med revisjon av kommuneplanen startar opp og at forslaget til planprogram blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova §§4-1, 11-12 og 11-13. Vedtak om høyring er gjort i formannskapet 20.04.2021, sak 025/21. Framlegg til planprogram kan lesast på kommunen si heimeside.

Planprogrammet skildrar føremålet med planarbeidet, utfordringar og tema for planarbeidet, medverknad og framdrift. Endeleg planprogram vil bli vedtatt etter høyringsperioden, og skal i samsvar med framdriftsplanen bli fastsett ved politisk vedtak i juni 2021. Kommuneplanen vil deretter bli utarbeidd på grunnlag av vedtatt planprogrammet.

Høyringsfristen er sett til 02.06.2021

Uttalar og innspel kan sendast til:
postmottak@vindafjord.kommune.no eller sendast til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

For nærare spørsmål ta kontakt med Ingrid Johannessen på tlf. 53 65 61 23 eller epost: Ingrid.Johannessen@vindafjord.kommune.no