Høyring - forslag til revidert forskrift for godtgjersle til folkevalde i Vindafjord kommune

Framlegg til revidert forskrift for godtgjersle til folkevalde i Vindafjord kommune blir med dette lagt ut til offentleg høyring. Høyringsfristen blir sett til 6. juni 2023. Forskrifta skal regulere rettigheiter og plikter etter Kommunelova kapittel 8 for folkevalde i Vindafjord kommune.

Forskrifta omfattar folkevalde og alle med kommunale verv utnemnd av kommunestyret.
Forskrifta gjeld deltaking i møte etter lovleg innkalling i folkevalde organ, samt andre funksjonar som har direkte samanheng med vervet, deltaking i prosjekt, forhandlingar, synfaringar også vidare. Både gjeldande forskrift og framlegg til ny ligg som vedlegg.
Dei viktigaste endringane er i § 4 Utmåling av utgifter og økonomisk tap, der kronebeløpa er blitt auka. I paragrafane 9 og 10 er og kronebeløpa auka.

Høyringsfråsegner kan sendast Vindafjord kommune på e-post  postmottak@vindafjord.kommune.no innan 06. juni 2023.

Link til gjeldande forskrift for godtgjersle til folkevalde i Vindafjord kommune (PDF, 386 kB)

Link til forslag til revidert forskrift for godtgjersle til folkevalde i Vindafjord kommune (PDF, 454 kB)