Påvising av eigedomsgrenser

  • Dersom grensemerke for ein tidlegare oppmålt eigedom er borte, kan du bestilla ei ny grensepåvising.
  • Det same gjeld dersom det er uklart kor grensene for ein eigedom går.
  • Ei slik grensepåvising blir gjennomført som ei ordinær oppmålingsforretning.

Kven kan be om grensepåvising?

Rekvisisjon av grensepåvising kan gjerast av den som har grunnboksheimel (eigar) til eigedomen, festar av eigedomen, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt frå ein av desse.

Slik bestiller du

For påvising av eigedomsgrenser skal du nytta skjema

Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring

I tillegg skal følgande informasjon leggast ved:

Kart som viser kva eigedomsgrenser du ønsker klarlagt, samt kva partar som blir berørt. Kartportalen Fonnakart kan nyttast til dette.

Eventuelt gamle målebrev, skulddelingar, utskiftingsforretning eller anna informasjon som kan vera relevant for saka.

Fullstendig rekvisisjon skal sendast til
Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5585 Ølen

eller på e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no

Kva kostar det?

Sjå gjeldande prisar for oppmåling i Vindafjord kommune si gebyrliste.

Klage

Matrikkelføring av klarlagt grense kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring, jamfør § 46 i matrikkellova.

Lovar og reglar

Meir utfyllande informasjon og regelverk finn du her:

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Venke Helgesen
Venke Helgesen
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 85 82 13
Mobil 90 85 82 13
Profilbilde av Marianne Stople Rørtveit
Marianne Stople Rørtveit
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 80 92 26
Mobil 90 80 92 26
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80