Huskeliste for situasjonsplan
Du kan bestilla situasjonskart ved førespurnad til den kommunen der eigedommen ligg. Kartet må vere i målestokk M = 1:1000 eller 1:500
Dette må du sjølv sørga for å teikna inn på situasjonskartet før du sender det inn saman med ei byggesak:
Ny bustad
- Nytt tiltak med målsetting.
- Målsett avstand frå bustad til andre bygg.
- Målsett avstand frå bustad til nabogrenser.
- Målsett avstand frå bustad til senter veg.
- Møneretning.
- Terrengendringar som følge av det nye tiltaket (skjæring, fylling, støttemurar o.l.)
- Tilkomst og avkjøring til det nye tiltaket. Stigning på tilkomst. Eventuelle siktlinjer for avkjøring og tilkomst.
- Framtidig garasje og oppstillingsplass for bil. Plass til oppstilling av bil framføre garasjeport + bil må kunna snu på eigen grunn.
- Det må bli oppgitt sokkelhøgde.
- Tittelfelt med identifisering: Målestokk, G/B.nr., kva saka gjeld og dato.
Andre tiltak på same eigedom
- Det nye tiltaket med målsetting.
- Målsett avstand frå det nye tiltaket til andre bygg.
- Målsett avstand frå det nye tiltaket til nabogrenser.
- Målsett avstand frå det nye tiltaket til senter veg.
- Møneretning.
- Terrengendringar som følge av det nye tiltaket (skjæring, fylling, støttemurar o.l.).
- Tittelfelt med identifisering: Målestokk, Gnr./Bnr., kva saka gjeld og dato.
Sist endra 27.07.2022 11.41