Bustad, eigedom og kart

Flytting

Når du flyttar pliktar du å gi melding til skattekontoret/folkeregisteret og posten i innflyttingskommunen innan åtte dagar frå flyttinga fann stad.

Både offentlege etatar og private verksemder brukar opplysingar frå folkeregisteret, og det er derfor viktig at du melder flytting.

Flytte til Vindafjord?

Frå 1. september 2008 må alle som leverer flyttemelding på papir legge ved kopi av legitimasjon. Det skal hindre falske flyttemeldingar. 

Flyttar du innanlands kan du levere flyttemelding på internett. Flyttar du til eller frå utlandet må du levere flyttemelding på papir.

Alle som flyttar innan kommunen, mellom norske kommunar, eller til Noreg frå utlandet eller til utlandet, pliktar å gi melding til folkeregisteret. Folkeregisteret er ein del av Skatteetaten.

Melding om flytting skal du gi for deg sjølv og din familie eller husstand.

Melding om flytting innenlands

Melding om flytting fra Norge

Flyttemelding for barn under 18

 

Utleigar

Alle som stiller sitt husvære til disposisjon for andre, skal melde frå om dei som flyttar til eller frå husværet. Dersom du forsikrar deg om at den som flyttar har levert flyttemelding sjølv, treng du ikkje å melde frå.

Skuleelevar, studentar, vernepliktige og einslege pendlarar: Det gjeld spesielle reglar blant anna for skuleelevar, studentar, vernepliktige og einslege pendlarar.

Flyttemelding fra utleiere av hus, leilighet m.m.

Sist endra 04.02.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering