Bustad, eigedom og kart

I Vindafjord kan du byggje og bu på både kommunale tomter, og tomter forvalta av private firma.

Vindafjord kommune har fått eigen gratis energiportal!

 

Mange oppfattar forvaltning av bolig som komplisert. Energiportalen er eit naturlig sted å starte, enten for deg som planlegger oppussing, ynskjer ein lågare strømregning eller å auke komforten og samtidig bidra til eit betre miljø.

 

Ynskjer du ein gratis objektiv energianalyse av din bolig på nett?

Energiberegningen er enkel å gjennomføre.

Her vil du raskt få svar på kva energitiltak som lønner seg mest i nettopp din bolig! Portalen fungerer som din litle hjelpar og gjer det rett og slett enklare for deg å manøvrera til trygg havn når valget står mellom store og små energitiltak.

-Energirådgiver Bjørge Sandberg-Kristoffersen

 

Gå inn på http://vindafjord.energiportalen.no

 

Legg inn adressa di og definer størrelsen på boligen. Deretter krysser du av for kva oppvarmingskilder som benyttes i boligen, kva standard boligen har og om du har gjort nåken oppgraderingar.

 

Fyll inn informasjon som antall personer i husholdningen og kor ofte/kor lenge kvar person dusjer og antall karbad per veke.

 

Du beskriver også innetemperaturen i oppholdsrom og kor stor andel av boligen som er oppvarma, kva type belysning du har, samt teknisk utstyr.

 

Etter at informasjonen er fylt inn får du oppgitt dagens forbruk for husstanden din. Dette kan du samanlikna med det reelle forbruket ditt. Velg deretter ynskjet tiltak for boligen din og få eit anslag for kor mykje energi og penger du kan spare per år.

 

Vidare vil du få opp ein oversikt over lokale aktørar som kan utføre arbeidet med varmepumpe, vegg, gulv eller vindu. Du kan også sjå på analyser av boligens energibruk og årleg varmetapsbudsjett før og etter energitiltak. I tillegg kan du sjå korleis besparelsane fordeler seg over året eller på ulike områder som oppvarming eller belysning.

For meir informasjon om Energiportalen, sjå:

https://indd.adobe.com/view/24dd261f-9fc1-463e-b0fc-1bb80468b711

 

Vindafjord kommune har fleire tomter lagt ut for sal. 

Det er ikkje ledige kommunale tomter i alle bygdene, men ta kontakt med eksterne tomteselskap.

Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve.

Det er ikkje nødvendig med slikt løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskifte i samsvar med ein rettsleg bindande plan.

Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre.

Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering.

Eigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. 

Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader.

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli tatt opp lån på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.

Oppmålingsforretninga skal avklare grensar og andre tilhøve som er nødvendige for matrikkelføringa.

Ved ei oppmålingsforretning etter Matrikkellova § 33, blir grensar for grunneigedom, anleggseigedom, jordsameie, arealoverføring, uteareal til seksjonert eigedom eller festegrunn (som blir bortfesta for meir enn 10 år), kartlagt, justert, merka, målt og kartfesta.

Oppmålingsforretning går ut på å: 

  • Klargjere og forklare grenser og rettar som er knytta til fast eigedom (matrikkeleining).
  • Skaffe alle opplysingar og dokumentasjon som er nødvendige for å føre det offisielle registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld det at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningsloven før eininga kan bli oppretta i matrikkelen. 
  • Merke nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven.
  • Overføre areal mellom to matrikkeleiningar (arealoverføring).

Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) i same kommune, kan du krevje å få dei slått saman til ein eigedom med eitt gards- og bruksnummer.

Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer.  Sjå nedanfor kva for vilkår som må vere oppfylt.

Westcon i Ølensvåg

Vindafjord kommune har ledig tomteareal for næringsverksemd.

I oversiktskartet (PDF, 344 kB)er ledige areal merka med gult (ikkje alle områda er byggemodne).

Tinglysing i fast eigedom for Vindafjord kommune skjer ved Statens kartverk sitt hovudkontor i Hønefoss.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tirsdag
Login for redigering