Bustad, eigedom og kart

Kravet til byggeskikk/estetikk - også kalla "skjønnhetsparagrafen" - er omtalt i Pbl 2008 § 29-2 og Rundskriv H-7/97.

For tiltak som må ha føretak med ansvarsrett skal ein rekke dokument liggje føre etter Pbl § 21.

Kommunen kan ikkje krevje meir enn eit eksemplar.

Det er slutt på den gamle kommunale bygningskontrollen, kommunen fører no tilsyn i samsvar med Pbl 2008 §25.

Kommunen skal sjå til at tiltaket er utført i samsvar med byggeløyve.

På tilsynsmøtet blir føretaket intervjua om korleis føretaket er organisert, om dei har eit styringssystem og om korleis dei gjennomfører kontrollen sin.

Ansvarshavande har det overordna ansvar for at prosjekteringsgrunnlaget er tilstrekkeleg og korrekt.

 

"Føretak" er det firma som må bli godkjent før dei blir gitt ansvarsrett i byggesaker.

Godkjenninga blir gitt når føretaket har dokumentert at dei har den kunnskap som er nødvendig for å gjennomføre byggetiltaket. Det er to former for godkjenning - sentral godkjenning og lokal godkjenning.

Her finn du linkar til aktuelle lovar, forskrifter og rettleiingar.

Alt bygge- og anleggsarbeid som er søknadspliktig skal vere dekt med ansvar og kontroll.

Før du går i gang med å bygge, rive eller forandre terrenget på din eigedom, må du søkje kommunen om løyve. Byggereglane er omfattande og til dels kompliserte, og set store krav til den som skal søkje.

Søknaden må vere forma av eit firma/føretak som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess og dokumentere at prosjektet er i samsvar med Plan- og bygningslova m/forskrifter.

Ansvarleg søkjar kan til dømes vere ein arkitekt, bygningsingeniør eller ein byggmeister. Det kan haldast førehandskonferanse med kommunen før søknad blir sendt inn, men ansvarleg søkjar må delta på denne.

Talet på etasjar er regulert i Teknisk forskrift slik:

TEK § 6-1. Etasjetal

Talet på etasjar i ein bygning er summen av målbare etasjar og plan som ligg over kvarandre og som utgjer bygningen sin hovuddel og tilleggsdel. Fylgjande etasjar og plan blir likevel ikkje medrekna i talet på etasjar.

  • Kjeller som bare inneheld tilleggsdel og som har himling mindre enn 1,5 m over planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen, mellometasje som har bruksareal mindre enn 1/5 av underliggande heile etasjes bruksareal.
  • Loft som bare inneheld tilleggsdel og som har bruksareal mindre enn 1/3 av underliggande etasje sitt bruksareal.

Enkeltvedtak som er gjort etter Pbl§1-9 og Matrikkelloven § 46 kan bli klaga på i samsvar med Forvaltningsloven § 28.

Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunktet ein reknar med at melding om vedtaket er nådd fram til mottakaren.  Det er tilstrekkeleg at klagen er lagt i posten innan fristen. Klagen skal sendast til kommunen. Det kan ikkje bli klaga på tilhøve som er sett i bindande reguleringsplan eller ved dispensasjon.

Enkelte ord og uttrykk vert ofte gjentatt. Her får du ei forklaring på eit utval av desse.

Her er ei liste over den dokumentasjon som må sendast kommunen.

Ein førehandskonferanse er eit møte mellom deg (tiltakshavar), din representant (ansvarleg søkjar) og kommunen sin sakshandsamar, - for å gå i gjennom dine idèar til ditt byggeprosjekt.

Du kan bestille møtet på telefon eller ved å bruke ein tingingsblankett som skal sendast til den kommunen du skal bygge i. Reglane for førehandskonferanse finn du i PBL §21-1 og 21-8. SAK §6-1, 7-1 og 7-2.

For at byggesakshandsamar skal få eit godt innblikk i kva det blir søkt om, er det nødvendig at fagmessig utførte teikningar blir lagt ved meldinga/søknaden.

Situasjonskart inneheld opplysingar om eigedommen sine grenser, areal, høgdekvoter og gards-og bruksnummer.

Du kan bestille situasjonskart ved førespurnad til den kommunen der eigedommen ligg.

Kartet må vere i målestokk M = 1:1000 eller 1:500

Det er tre typar skjema som vert brukte i samband med nabovarsling:

Nabovarsel (5154)

Opplysninger gitt i nabovarsel (5155)

Kvittering for nabovarsel (5156)

Alle disse 3 skjemaene finner du ved å trykke her.

I visse høve kan det søkjast om dispensasjon frå krava som er sett i plan, føresegner eller forskrift.

Som tiltakshavar kan du sjølv plassere (stikke ut) bygget på din eigedom, hvis:

- plassering av tiltaket ikkje rører ved kritiske minsteavstandar og høgder

- der kritiske minsteavstandar blir ivaretatt ved utmål frå til dømes eigedomsgrenser

 

Kritiske minsteavstandar kan til dømes vere minsteavstandar mellom bygg, mellom bygg og nabogrense, byggegrense m.v.

Branncelle

Ein deler opp bygg i brannceller for å hindre brann- og røykspreiing til større deler av eit bygg - i den tida som er naudsynt for rømming. Rom som har forskjellig bruk og/eller brannbelastning bør normalt vere eigna brannceller.

Krav til branncelle er omtalt i Teknisk forskrift.

Føretak som er ansvarleg for at utføring av bygge- og anleggstiltak vert kontrollert (bygningskontroll). Kontroll av utføring kan gjerast av ansvarleg utførande som dokumentert eigenkontroll eller av anna føretak som uavhengig kontroll.  

Føretak som er ansvarleg for at prosjektering av bygge- og anleggstiltak vert kontrollert. Kontroll av prosjektering kan gjerast av ansvarleg prosjekterande som dokumentert eigenkontroll eller som uavhengig kontroll av eit eige føretak.

Føretak som er ansvarleg for at bygge- og anleggstiltak vert prosjektert/planlagt i samsvar med pbl, forskrifter, arealplanar eller føresegner (vedtekter). Prosjekteringa vert utført av eit eller fleire ansvarlege føretak.

Ved søknad om tiltak etter plan- og bygningslova, må tiltakshavar engasjere eit føretak som kan stå som ansvarleg søkjar. Ansvarleg søkjar er eit føretak som er ansvarleg for at søknaden tilfredsstiller alle krav i samsvar med plan- og bygningslova.

Ansvarleg søkjar vil vere kommunen sin kontaktperson under heile byggesaka. 
Kommunane set krav til at ansvarleg søkjar (SØK) har den kompetanse som regelverket krev.

Som tiltakshavar bør du derfor setje krav til ansvarleg søkjar om kvalitet i din søknad.

Det er storleiken som avgjer kva sakshandsaming tiltaket skal ha. Areal vert rekna i samsvar med NS 4351. Når ein reknar areal må alle etasjar/høgder medreknast.

Dersom du planlegg nye private oppvarmingsløysingar, bør du undersøke om dei kjem inn under tilskotsordninga i Enova.

Det statlege føretaket Enova er etablert for å fremme ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Noreg.   

På 1980-talet innførte Husbanken ordet "livsløpsbolig".  Det var retta inn mot bustader som var utforma slik at ein skulle kunne bu heime også i alderdommen. Dette ordet er utvida, og ein talar om "Universelt utforma bustad"

Røyrleggarmelding skal sendast inn saman med byggesaken. Røyrleggarmeldinga skal inn saman med 1 trinns søknad og ved søknad om igangsetting i ein rammesøknad.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tirsdag
Anne Sofie Sandvik
Einingsleiar
E-post: Send epost
Login for redigering