Bustad, eigedom og kart

Skredfarekartlegging i Vindafjord

NVE arbeider for å få på plass eit nasjonalt kartgrunnlag – faresonekart skred – for område med stort skadepotensial frå skred i bratt terreng. Vindafjord kommune er ein av kommunane som er kartlagt. Ferdig utarbeida rapport er tilgjengeleg på kommunen og NVE sine nettsider

Rapporten presenterer resultata av faresonekartlegginga av skred i Vindafjord. I kartlegginga inngår utarbeiding av faresonekart i høve til krava i byggteknisk forskrift (TEK 10), som viser faresoner for skred med nominell årleg sannsynlegheit på 1/100, 1/1000 og 1/5000. Sannsynlegheita  gjeld skred som utgjer fare for tap av menneskeliv og skadar på bygg.

Skredtypane snø-, sørpe-, stein-, jord- og flaumskred er kartlagt.

I Vindafjord er følgande område kartlagt (utvalt på bakgrunn av eksisterande busetnad i kombinasjon med bakanforliggande bratt terreng):

  • Kjellesvik
  • Vaka
  • Kåta
  • Berge
  • Øvrehagen – Hamre
  • Ilsvåg
  • Hålandsbakken – Strand
  • Søndenå – Urabø
Sist endra 06.07.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tirsdag
Login for redigering