Bustad, eigedom og kart

Adressering

Kontaktperson er Stine Helen Marken tlf. 53 65 61 34

Ei adresse skal ha adresse frå vegen som gjev tilkomst. Det er 3 hovudprinsipp for adressering.

Kantprinsippet

  • Blir nytta der ein har tett med bygningar langs ein veg. Nummereringa startar med oddetal på høgre side av vegen og partal på venstre side. Nummereringa blir tildelt fortløpande med avsetting av ledige nummer for eventuelle framtidig utbygging.

Avstandsprinsippet

  • Blir nytta på vegar med spreidd busetnad. Ein brukar avstand langs vegen delt på 10 for tildeling av nummer. Det vil seie at adressenummer blir tildelt i høve kor langt adressa ligg frå starten på vegen. (avstand 430 m, gir adressenummer 43 eller eventuelt 42/44 - oddetal/partal)

  • Der ein sideveg har same vegnamn som hovudvegen, blir avstanden rekna frå der sidevegen tek av frå hovudvegen.

  • Der sidevegen tek av på venstre side av hovudvegen, vil det bli tildelt partal til alle adresseeiningane på sidevegen. Nummereringa vil følgje kanten av sidevegen med stigande nummer.

  • Der sidevegen tek av på høgre side av hovudvegen, vil det bli tildelt oddetal til alle adresseeiningane på sidevegen. Nummereringa vil følgje kanten av sidevegen med stigande nummer.

Områdeadressering

  • Blir nytta der ein ikkje har eit klart definert vegsystem. Hytteområde er eksempel på det.


Føremålet med eit godt adressesystem er angitt i matrikkelforskrifta § 49 der det heiter:

”Adresser og skilt skal sørge for at alle på en lett og forståelig måte kan identifisere og finne fram til bygninger, atkomst til bygninger, boliger og andre prosjekter eller steder som det er viktig å finne fram til. Adressen skal også tjene som stedfestingsobjekt og nøkkel til aktuell informasjon i private og offentlige registre og arkiv. Føring av adresser i matrikkelen skal bidra til et felles adressesystem for hele landet”

Når fleire leiligheiter har same adresse/inngang, har kvar leiligheit i tillegg sitt eige bustadnummer.

Ved å oppgi ditt bustadnummer til folkeregisteret gjer du det lettare for ambulanse, politi og brannvesen å finne raskare fram til di leiligheit.

Du får bruk for bustadnummeret i samband med installasjon av telefon, breiband og internett.

Ved flytting skal bustadnummeret førast opp på flyttemeldinga til folkeregisteret.

Kommunen set opp og har ansvar for vedlikehald av vegnamnskilt og tilvisingsskilt. Kontaktperson er Hildbjørg Fludal tlf. 992 35 550 eller 53 65 61 03

Huseigar har ansvar for å setje opp eige husnummerskilt. Kommunen tilrår reflekterande skilt som er lett å få auga på i mørket. Er huset tilbaketrukke frå vegen, bør ein også ha nummerskilt ved innkjørsla.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar