Bustad, eigedom og kart

Brøyting i Vindafjord

Vinterlandskap - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommunen brøytar kommunale vegar. Brøytinga byrjar når det er 8-10 cm snø.

Prioriteringar for brøyting/strøing er slik i hovudtrekk:

Generelt sett er veg til brannstasjonar, ambulanse/legevakt og rådhus prioritert høgast.

Deretter kjem hovudvegar og busstrasear, vegar til sjukeheimar og døgnbusette institusjonar, vegar til skular og barnehagar dagar desse er opne og skulevegar.

Til slutt kjem vanlige vegar i bustadområde, parkeringsplassar, vegar til andre kommunale bygg og liknande.

Turvegar blir ikkje brøyta.

 

Skader etter brøyting

Store mengder snø kan utgjere ei utfordring for kommunen som veghaldar. Sjølv om dei som brøytar utfører arbeidet så godt dei kan med omsyn til ikkje å skade eigedom, kan det førekomme skader på privat eigedom.

Ein må forvente at gjerde og hekkar som står på grense til kommunal veg skal tåle nok til å stå imot snøbrøyting. Dette gjeld både med omsyn til dimensjonering og vedlikehald.

Ein kan ikkje rekne med at gjenstandar som er plasserte i vegen vert erstatta om dei vert skada.

Vindafjord kommune har mange ulike kontraktørar som brøytar kommunale vegar og plassar. Som hovudregel kan ein ta kontakt direkte med kontraktør for å melde frå om skade dersom ein kjenner til kven som brøytar i området. Elles kan ein ta kontakt med kommunen som vil formidle vidare til rette vedkommande. Det er best om kontakt til kommunen vert retta skriftleg, og helst innan 1. juni.

For skader knytta til riksvegar, fylkesvegar og E 134 må ein ta kontakt med Statens vegvesen.

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, Sandeid Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65