Bustad, eigedom og kart

Før etablering av  ny avkøyring, utvida bruk eller omlegging av eksisterande avkøyring til kommunal veg skal ein sende inn søknad.

 

Søknad om avkøyring til kommunal veg kan sendast i vanleg brev til Vindafjord kommune, eining kommunaltekniske tenester, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller på e-post til teknisk@vindafjord.kommune.no.

 

Det må vere med søknaden ein situasjonsplan som viser siktsoner, plassering av avkøyring, snuplass på tomt, plassering av bygning og eit lengdeprofil som viser høgde  på den kommunale vegen og avkøyring.

Tips kan hentast frå vegvesenet sine sider.

 

https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/langs-veien/soknad-om-avkjorsel/hva-ma-soknaden-inneholde

  

Det må også visast løysing for overvatn.

 

Sjå også

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1964-07-16-3905

Sjoargata, Ølen

Drift av veglys på kommunale vegar er Vindafjord kommune sitt ansvar.  Statens vegvesen driftar veglys på fylkesvegar og E134. Haugaland Kraft vedlikeheld for både Vindafjord kommune og Statens vegvesen. 

Sjoargata, Ølen

Oversikt over tiltak, vedteke 28. november 2016 av Utval for drift , utvikling og kultur i Vindafjord kommune finn de her: (PDF, 22 kB) 

Veglister for fylkesvegar og kommunale vegar kan ein finne på  www.vegvesen.no/veglister

Brukarane av private vegar må syte for vedlikehald, brøyting og strøying gjennom vinteren.

Tiltaksdel trafikksikringsplan 2013-2014 (PDF, 58 kB)

Tiltaksdelen blei vedteken i Utval for drift, utvikling og kultur, 12. november 2012, sak 057/12.

Vinterlandskap

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommunen brøytar kommunale vegar. Brøytinga byrjar når det er 8-10 cm snø.

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, Sandeid Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65