Bustad, eigedom og kart

Vassforsyning - Røyrleggjarmelding

Ved tilkopling til offentleg vatn- og avløpsanlegg skal det søkjast til kommunen om dette. Det må søkjast både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal tilkoplast det offentlege vatn- og avløpsanlegget.

Heimelshavar for eigedommen, utbyggjar eller representant for denne, sender inn søknaden. Bruk skjemaet Søknad om sanitærabonnement/røyrleggjarmelding (PDF, 278 kB).  

Søknadsskjemaet skal leverast saman med situasjonskart som viser plassering av bygningar, som skal tilkoplast, på eigedommen.

Ved installering av vassmålar, skal det søkjast om dette på same skjema. Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forbruk, skal bli meldt og bli godkjent før montering. Ved montering skal skjema Registrering/melding om installasjon og utskifting av vassmålar nyttast.

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, Sandeid Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65