Bustad, eigedom og kart

Tilsyn private avløpsanlegg

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete

Vindafjord kommune har oppretta ei ny stilling som skal føre tilsyn med private avløpsanlegg, og handsama søknader om utsleppsløyve av sanitært avløpsvatn frå hus og hytter. Dette er ei prosjektstilling som starta opp 1. mai 2018 og som i første omgang skal vare ut 2020.

Tilsyn med private avløpsanlegg er ei oppgåve som kommunen har etter forureiningsforskrifta § 12-2.

Stillinga skal finansierast etter «sjølvkostprinsippet». Det vil seie at kommunen kan ta gebyr for tenesta, men gebyret skal ikkje vere høgare enn utgiftene kommunen har med å føre tilsyn. Tilsynsgebyret er på kr. 360,- + mva. pr. år og blir fordelt på 3 terminar med kr. 120,- + mva pr. termin. Det første gebyret vert sendt ut i september saman med andre kommunale avgifter med forfall 31. oktober 2018.  Det første gebyret vil gjelde for både termin 2 og termin 3 for 2018. Alle som har private avløpspanlegg, nye eller gamle er omfatta av ordninga og vil motta krav om gebyr.

Det er HIM som har avtale med kommunen om tømming av slam. HIM sender avviksmeldingar om feil og manglar med slamavskiljarar som dei oppdagar når dei køyrer tømerundar. Manglane kan variere. Nokre slamavskiljarar finn ikkje HIM, andre feil kan vere dårlege lokk, tankar som er utette, feil med inn- eller utløp osv. Det kan og vere feil med infiltrasjonsgrøfter, eller det kan vere utløp som går direkte til resipient utan slamavskiljar.

I første omgang vil avviksmeldingane frå HIM bli prioriterte som tilsynsobjekt.

Dei som eig eigedomane vil få varsel på førehand, enten pr. brev eller telefon, om at det kjem tilsyn. Oppdagar tilsynet feil vil eigaren av avløpsanlegget få rimeleg frist til å rette opp feila.

Kommunen har tilsett Knut Førland i stillinga. Førland har tidlegare vore tilsett som byggesakhandsamar i kommunen.

Spørsmål om utsleppsløyve, tilsyn eller gebyret kan rettast til:

 

Knut Førland

Rådgivar

E- post: knut.forland@vindafjord.kommune.no

Telefon: 90056419

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, Sandeid Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65