Bustad, eigedom og kart

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Vindafjord kommune

”Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Vindafjord kommune”, vedteken i Kommunestyret 30.04.2011

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Vindafjord kommune

Vedteken i Kommunestyret 30.april 2011, i medhald av Lov om kommunale kloakkavgifter av 31. mai 1974, sist endra 27. juni 2008, §3 og forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004, kap 16.

 

I. GENERELLE FØRESEGNER

Abonnentane i kommunen betalar for vass- og avløpstenester leverte av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lovar og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar.

Dei viktigaste dokumenta er lista opp nedanfor:

  1. Lov av 31. mai 1974 nr.17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
  2. Forskrift av 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensingar av forureining
  3. Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Vindafjord kommune (dette dokumentet)
  4. Andre dokument:
  • Gebyrregulativ for vatn og avløp
  • Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (tekniske og administrative avgjerder), samt føresegner om vassmålarar.

$1 FØREMÅLET MED FORSKRIFTA

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyr abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2 VIRKEOMRÅDET FOR FORSKRIFTA

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3 DEFINISJONAR

Abonnent:
Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytta kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plasserte på tomta, og brukar festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.
Ved festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festar skal vere abonnent.

Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 27.1 og 27.2 i plan og bygningslov har kravd tilknytta kommunal vass- og avløpsleidning.

Ved leige er grunneigar abonnent.

Der bustad og næring er knytte til felles gnr/bnr skal dei kvar for seg utgjere eit eige abonnement.

Eining:
Bueining vert definert etter føringsinstruksen til matrikkelen. Næringseining vert rekna etter tal på næringseiningar knytte til eigedom.

Abonnementsgebyr:
Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass-og/eller avløpstenester. Det vert fastsett abonnementsgebyr pr. bustadeining og pr. næringseining.

Bruksareal (BRA) etter NS 3940 ("forenkla"): Ved "forenkla" kan ein seie at bruksareal omfattar: Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden. For detaljar, sjå NS 3940.

Bruksendring:
Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd.

Eingongsgebyr for tilknytning:
Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass-og/eller avløpstenester.

Kommunal vass- og avløpsleidning:
Leidning som er kommunal eigedom ved at dei er kosta eller overtatt av kommunen.

Stikkleidning:
Vass – eller avløpsleidning for ein eller fleire eigedommar som er abonnenten sin eigedom
og som vert halden vedlike av abonnenten. Dersom ikkje anna er avtalt er stikkleidningen
privat frå der leidningen er knytta til hovudleidning eller 30 meter frå utvendig stoppekran for
eigedom for vassleidning.

Forbruksgebyr:
Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert).
Det kan vere same vassmålar for fleire einingar på ein eigedom.

Fritidsbustad/hytte:
Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte med innlagt vatn og/eller avløp.

Gebyrregulativet:
Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikten for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

Næringsverksemd:
Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til næring.

Offentleg verksemd:
Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune.

Stipulert forbruk:
Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.§

§ 4 RETTAR OG PLIKTER

Abonnenten har krav på:

  • Vassforsyning heile døgnet med tilstrekkeleg mengde av god kvalitet i medhald av gjeldande lovverk, samt vasstrykk på mellom 2 og 8 bar ved uttak frå kommunal vassleidning.
  • Å få vatnet leda sikkert bort og reinsing av avløpsvatn heile døgnet, som ikkje skapar lukt eller hygieniske problem på abonnenten sin eigedom, i medhald av gjeldande lovverk.
  • Reduksjon i vass- og avløpsgebyret dersom tenestene ikkje er tilfredsstillande med omsyn til lovpålagt/avtalt kvalitet, mengde eller trykk over lengre tid. Restriksjonar for vassforbruket i form av vatningsforbod og liknande gir ikkje grunnlag for reduksjon av gebyr.

Abonnenten pliktar å:

  • Betale vass- og avløpsgebyr i den størrelse og til den tid som kommunen bestemmer.
  • Innrette seg etter kommunen sine tekniske og administrative krav.

Kommunen har krav på å:

  • få alle kostnadar knytte til vass- og avløpstenestene dekka, etter gebyrgrunnlaget.
  • kunne vedta og endre krav, reglement, løyver og liknande for å ivareta funksjonen sin som tenesteleverandør på ein god måte.

Kommunen pliktar å:

  • levere vass- og avløpstenester i medhald av gjeldande lovverk og i den utstrekning som er nødvendig for både abonnenten og fellesskapet.
  • informere om innhald i og endringar i vass- og avløpstenestene, som er av betydning for abonnentane.


Il. VASS- OG AVLØPSGEBYR

 

§ 5 GEBYR-TYPAR

Følgande gebyr-typar gjeld for både vass- og avløpstenester:

  • Eingongsgebyr for tilknytning
  • Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
  • Gebyr for leige av vassmålar
  • Gebyr for midlertidig tilknytning

§ 6 EINGONGSGEBYR FOR TILKNYTNING

Lov om kommunale vass- og avløpstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknytning til vass- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytta offentleg vass- og/eller avløpsnett. Ved bruksendring eller påbygg vert det rekna tillegg på tilknytningsgebyr slik: Eingongsgebyr rekna ut frå at bygget totalt sett skulle vere nybygg, minus eingongsgebyr for eigedommen slik den var før bruksendring eller påbygg, etter gjeldande satsar. Det vert ikkje betalt tilbake tilknytningsgebyr ved bruksendring.

Eingongsgebyr for tilknytning skal betalast seinast før gravearbeidet på tomta startar, eller for eigedom der det står bygg frå før, før tilkopling. I dei tilfella der bygg vert pålagt kopla til offentleg nett, fell eingongsgebyret for tilknytning til betaling, når vedtak om pålagt tilknytning vert gjort.

Grunnlaget for utrekning er størrelsen på bygning BRA. Det kan krevjast auka tilknytningsgebyr ved stor forureining eller nettbelastning. Størrelsen på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet. Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknytning dersom det blir ekstra høge eller låge kostnadar ved etablering av tenesta.

§ 7 ÅRSGEBYR

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester blir betalt av alle abonnentar og er samansett av to delar:

  • abonnementsgebyr
  • forbruksgebyr (stipulert forbruk eller målt forbruk)

Abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekke dei forventa faste årsutgiftene knytta til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret blir rekna frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytta kommunalt leidningsnett. Størrelsen på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 8 ABONNEMENTSGEBYR

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori.

  • Abonnementsgebyr for næring
    • Betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og burettslag.
    • Berekningsgrunnlaget basert på areal, nettbelastning og forureining.
    • Abonnementsgebyr kan krevjast for kvar næringseining, slik at det kan bli fleire abonnementsgebyr i næringsbygg/eigedommar med fleire einingar.
  • Abonnementsgebyr for bustad.

§ 9 FORBRUKSGEBYR

Næringseigedommar og offentlege verksemder betalar forbruksgebyr basert på målt eller stipulert vassforbruk og pris pr. m3. Bruksareal blir rekna etter NS 3940.

Fritids/hytteabonnentar betalar enten etter målt vassforbruk og pris pr. m3 eller som ein del av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m3.

Delen, som vil variere etter forventa brukstid, og omrekningsfaktor for stipulert forbruk (m3/m2) er definert i gebyrregulativet.

Andre abonnentar betalar etter målt vassforbruk og pris pr. m3, evt. etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS 3940 og pris pr. m3. Omrekningsfaktor for stipulert forbruk (m3/m2) er definert i gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 10 LEIGE AV VASSMÅLAR

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld vedtektene i kommunen.

Kostnadar for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativet.

§ 11 AVVIK I ÅRSGEBYRET

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp bli basert på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslepp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd, der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldsavløp og virkar enten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i levering eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av kommunen sine leveringsvilkår.

§ 12 MIDLERTIDIG TILKNYTNING

Med midlertidig tilknytning meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men der bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode.

Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytninga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknytning, men alle kostnadar ved tilknytning og fråkopling blir belasta eigar/brukar av eigedommen.

Midlertidig tilknytning gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring.

Eingongsgebyr for tilknytning fell til betaling, dersom midlertidig tilknytning ikkje vert avslutta når kommunen si godkjenning går ut.

Elles gjeld tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jfr. Generelle føresegner.

§ 13 PÅLEGG OM UTBETRING

Kommunen kan gi abonnenten eit pålegg om utbetring av eige avløpsanlegg innan ein gitt frist, jfr. Forureiningsloven § 7. Etter Forureiningsloven § 73 kan ein gi forureiningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje følger pålegget, kan kommunen sørge for iverksetjing av tiltaka, jfr. Forureiningsloven § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten til å utbetre eige drikkevassanlegg innan ein gitt tidsfrist, som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, blir årsforbruket stipulert.

§ 14 INNBETALING AV GEBYR

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknytning til abonnenten samtidig som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt, eller når eksisterande bygg blir tilknytta kommunal leidning. Eingongsgebyret må bli innbetalt når tilknytning skjer - eller 30 dagar etter mottatt faktura.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura, og blir fordelt over x- tal terminar pr. år som kommunestyret til ei kvar tid bestemmer.

Gebyr for midlertidig tilknytning og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året.

Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over x-tal terminar pr. år som kommunestyret til ei kvar tid bestemmer, basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter. Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gi fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphøyrer abonnementet når melding om at tilkoplingspunktet er plombert, er mottatt. Ny tilknytning av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknytning. Kostnadar ved fråkopling - og ny tilknytning blir dekt fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

 

III. AVSLUTTANDE FØRESEGNER

 

§ 15 INNKREVJING AV GEBYR

Forfalne krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter “Lov om pant” § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 16 VEDTAKSMAKT

Vedtak etter denne forskrifta blir gjort av rådmannen etter delegert fullmakt.

§17 KLAGE

Avgjersle etter forskrifta, som er enkeltvedtak, følger kap. IV-VI i Forvaltningsloven og kan påklagast. Klagen blir sendt til den instansen som har gjort vedtaket.

Vedtak om gebyra sin størrelse, er forskrift og blir vedtatt av kommunestyret, jfr. kap. VII i Forvaltningsloven. Dette er ikkje enkeltvedtak, og kan ikkje påklagast.

§ 18 IVERKSETJING

Forskrifta trer i kraft 01.07.11 (dato som kommunestyret bestemmer når tilhøva er lagde til rette for iverksetjing av forskrifta).

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, Sandeid Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65