Bustad, eigedom og kart

Eigedomsskatt 2021

Informasjon om eigedomsskatt for 2021 vil bli sendt ut elektronisk før 1. mars 2021. Dei som ikkje mottar informasjon elektronisk vil få den per post. Skattelista ligg ute til ettersyn i tre veker frå 26. februar. Du finn lenka til lista under overskrifta Offentleg ettersyn.

Vindafjord kommune sitt vedtak for eigedomsskatt 2021:

Kommunestyret vedtek at det skal krevjast eigedomsskatt for alle faste eigedomar i Vindafjord kommune i 2021, jamfør eigedomsskattelova § 3 bokstav a.

  • a. Den generelle skattesatsen som skal gjelde for skattepliktige eigedomar vert sett til 5 promille, jamfør eigedomsskattelova § 13. 
  • b. For bustader og fritidseigedomar vert satsen sett til 4 promille, jamfør eigedomsskattelova § 12a.
  • c. For utskriving av skatt på bustadeigedomar nyttar kommunen Skatteetaten sitt formuegrunnlag der dette er fastsett, jf. esktl. § 8 C-1.
  • d. For eigedommar tidlegare definert som verk og bruk skal det skrivast ut skatt på eit særskilt skattegrunnlag som følgje av at produksjonsutstyr og –installasjonar ikkje skal takast med i taktsgrunnlaget. Det særskilte skattegrunnlaget er differansen mellom ny takst for objekta frå 2019 og skattegrunnlaget i 2018. Grunnlaget skal i 2021 vere redusert med tre sjuandedelar (jamfør overgangsregel til eigedomsskattelova  §§ 3 og 4 første punktum). Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal vere 7 promille.
  • e. Med heimel i eigedomsskattelova. § 7 a og b, vert eigedommar åt stiftingar og institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten, samt bygningar med historisk verde, friteke frå eigedomsskatt etter vedlagt fritaksliste. Andre eigedommar som er eigd av stiftingar eller institusjonar vil bli vurdert fritatt av kommunestyret på grunnlag av søknad.
  • f. Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar, jamfør eigedomsskattelova § 25. 

Faktura

Gebyr for eigedomsskatt vert sendt ut på same faktura som dei kommunale avgiftene. Faktura vert sendt ut kvart kvartal.

Offentleg ettersyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelista lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 1. mars kvart år.

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedoms-skattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Klage

Klage på eigedomsskattetaksten kan setjast fram kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, såframt det ikkje tidlegare er klaga på same grunnlag, jamfør eigedomsskattelova § 19 (1).

Fristen for å klage på eigedomsskatten er seks veker, frå og med utsendt skattesetel.
Klagen vil først bli vurdert av eigedomsskattenemnda.

Dersom eigedomsskattenemnda opprettheld takstvedtaket, vil klagen bli sendt vidare til klagenemnda for eigedomsskatt.

Me gjer merksam på at du må betala eigedomsskatten sjølv om du klagar, jamfør eigedomsskattelova § 25 tredje ledd.

Skatteytar må nytta retten til å klaga for å kunna reisa søksmål, jamfør forvaltningslova § 27b

Korleis klaga på eigedomskatt

For å klaga må du først finne ut om du har skattetakst basert på bustadverdi frå Skatteetaten, formuegrunnlag, eller lokal takst. Dette finn du ut på den elektroniske informasjonen kommunen sender ut før 1. mars i år.

Dei fleste privatbustader har bustadverdi frå Skatteetaten medan næringseigedommar og fritidseigedommar har lokal takst.

Lokal takst

Du kan senda klage til Vindafjord kommune, Eigedomsskattekontoret, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen eller på e-post til eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no. Merk klagen med gards- og bruksnummer, og ev. feste- eller seksjonsnummer.

Formuegrunnlag

For eigedommar som har takst basert på formuegrunnlag, må ein rette klagen til Skatteetaten.

Dersom de meiner formuegrunnlaget ikkje samsvarer med den reelle verdien for eigedommen, kan dette tyda på at Skatteetaten har feil eller manglande opplysningar om eigedommen.

Dersom opplysningane til Skatteetaten skulle vera feil, vil taksten justerast. I så fall vil kommunen få automatisk beskjed om dette frå Skatteetaten, slik at taksten vert korrigert også i våre system.

Eventuelt overskytande beløp som er innbetalt vil i så tilfelle bli tilbakebetalt. Meir om formuegrunnlag finn du via denne lenka til Skatteetaten.

Kontakt Skatteetaten, enten via telefon 800 80 000, via post til Skatt Vest, Postboks 8103, 4068 Stavanger eller elektronisk via denne nettsida

Kva har blitt taksert?

I utgangspunktet er alle eigedommar i kommunen taksert etter prinsipp som sikrar at ein blir behandla likt. Hovudgruppene av eigedommar som er taksert er:

  • Bustadar som ikkje har takst frå skatteetatens formuesgrunnlag, til dømes våninghus og bustadar eigd av aksjeselskap.
  • Hytter/fritidshus
  • Våningshus på gardsbruk
  • Garasjar/naust til bustadar
  • Uthus
  • Tomter
  • Næringsbygg/forretningsbygg
  • Andre bygg og eigedommar

Eigedomsskatteliste

Eigedomsskattekontoret lagar kvart år ei eigedomsskatteliste der alle eigedomane blir ført med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer) eigedoms-skattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Eigedomsskattelista blir lagt ut innan utgangen av februar. Etter eigedomsskattelova §15 skal den ligge til offentleg ettersyn i minst 3 veker frå kunngjøringsdato.

Melding om feil eller klage må merkast med gårds- og bruksnummer, og sendes til kommunen på e-post eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no eller i brev til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Eigedomsskattelista blir og lagt ut i papirformat på servicekontoret i Ølen.  

Formuesgrunnlag – Informasjon frå Skatteetaten

Oppmålingsreglar for etasje (PDF, 627 kB)

 

Spørsmål

Har du spørsmål - ta gjerne kontakt:

Telefon: 53 65 61 25

E-post: eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no

Adresse: Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen