Bustad, eigedom og kart

Tinglysing i fast eigedom

Tinglysing i fast eigedom for Vindafjord kommune skjer ved Statens kartverk sitt hovudkontor i Hønefoss.

Link til skjema for oppmåling og tinglysing.

Betaling og innsendarinformasjon

Tinglysing av rettar i fast eigedom ved Statens kartverk vert fakturert i etterkant. Statens kartverk fastset gebyr og avgift og sender faktura til den som har begjært tinglysinga.

På alle dokument som skal tinglysast, må innsendar sitt organisasjonsnummer eller fødselsnummer bli ført på. I dei tilfella innsendaren er ein del av ein organisasjon, til dømes ein bankfilial eller ein eigedomsmeklarfilial, skal denne delen sitt organisasjonsnummer brukast, i tillegg til namn og adresse. Dette vil sikre at dokumenta raskt vert returnert til rett adresse og slepp omvegen om hovudkontoret. Faktura vil også bli sendt til same adresse. For nærare informasjon: www.tinglysing.no

Kontaktinformasjon Tinglysingen

Statens kartverk, Kartverksveien 21, Hønefoss

Ekspedisjonstid: 09.00-14.00

Telefon: 32 11 88 00

Telefaks: 32 11 88 01

Postadresse: Statens kartverk, Tinglysingen, 3507 Hønefoss

E-post: tinglysing@statkart.no

Heimeside: www.tinglysing.no

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar