Bustad, eigedom og kart

Samanslåing av matrikkeleiningar (eigedommar)

Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) i same kommune, kan du krevje å få dei slått saman til ein eigedom med eitt gards- og bruksnummer.

Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer.  Sjå nedanfor kva for vilkår som må vere oppfylt.

Målgruppe

Personar som er heimelshavarar (har grunnboksheimel) til meir enn éin eigedom eller meir enn éin festegrunn.

Kriterium/vilkår

  • Eigedommane må liggje i den same kommunen. Til vanleg vil eigedommane grense opp til kvarandre og utgjere eit samanhengjande heile, men det er òg høve til for eksempel å slå saman to eigedommar som ligg på kvar si side av ein veg.
  • Det må liggje føre ein attest frå kommunen. Dersom å slå isaman matrikkeleiningar (eigedommar) kan føre til forhold som er i strid med reguleringsføresegnene, kan kommunen nekte å skrive attest.
  • Å slå isaman matrikkeleiningar (eigedommar) kan ikkje gjennomførast dersom dette fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar.
  • Å slå isaman festegrunn kan bare skje dersom festekontraktane er likelydande og festegrunnane ligg på same grunneigedom.

Lovar

Matrikkelloven § 18

Tinglysingsloven

Forskrifter

Matrikkelforskrifta kap. 10

Rettleiing - korleis få utført eller få mottatt tenesta

Å slå isaman matrikkeleiningar (eigedommar) kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Det er heimelshavaren sitt ansvar å bringe dette i orden.

Ta eventuelt kontakt med Tinglysingen hos Statens Kartverk, tlf. 32 11 88 00, dersom du ikkje har oversikt over dette. Kravet om å slå isaman matrikkeleiningar (eigedommar) sender du til kommunen.

Skjema

Krav om samanføying

Sakshandsaming

Kommunen vurderer om vilkåra for å slå isaman ligg føre og skriv ut ein attest dersom dei finn ut at forholda for å slå isaman er til stades.

Dersom heimelshavaren (som festar eller som eigar) krev to festegrunnar (festenummer) slått isaman, må vedkommande sende kopi av kravet til den / dei andre heimelshavarane. Desse får ein frist på to veker til å uttale seg.

Krav om å slå saman bør ikkje sendast til tinglysingsmyndigheita før denne fristen på to veker er over. Det er kommunen som i eigedomsregisteret (matrikkelen) avgjer kva for bruksnummer/festenummer som skal stå og kva for nummer som skal setjast til historiske. Sei ifrå dersom du har ønske knytta til dette.

Deretter sender kommunen kravet ditt med attest til Tinglysingen hos Statens Kartverk. Dei avgjer om vilkåra for å slå isaman er oppfylt og skriv i så fall inn matrikkeleiningar (eigedommar) som er slått saman i grunnboka.

Klage

Du kan klage dersom kommunen nektar å slå isaman matrikkeleiningar (eigedommar). Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen.

Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen blir tatt til følgje.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar