Bustad, eigedom og kart

Oppmålingsforretning

Oppmålingsforretning går ut på å: 

  • Klargjere og forklare grenser og rettar som er knytta til fast eigedom (matrikkeleining).
  • Skaffe alle opplysingar og dokumentasjon som er nødvendige for å føre det offisielle registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld det at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningsloven før eininga kan bli oppretta i matrikkelen. 
  • Merke nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven.
  • Overføre areal mellom to matrikkeleiningar (arealoverføring).

Målgruppe

  • Eigedomseigarar (personar som har grunnbokheimel til ein eigedom).
  • Personar som har festa grunn for meir enn ti år.
  • Personar som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste.

Kriterium/vilkår

Oppmålingsforretning skal mellom anna bli halde dersom du skal:

  • dele ei matrikkeleining
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
  • registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna

Eksterne lenker

Blankettar for byggesak

Elektronisk bestilling av utskrift frå grunnbok

Kontrakt for kjøp og sal av eigedom og bustad (PDF)

Lovar

Forvaltningsloven

Matrikkelloven kap. 7

Plan- og bygningsloven

Forskrifter

Matrikkelforskrifta kap. 7

Korleis få utført eller få mottatt tenesta?

Krav (rekvisisjon) om oppmålingsforretning skal skje skriftleg. Du må gi opplysingar mellom anna om

  • kva som blir rekvirert (kartlegging av eksisterande grenser, grensejustering, arealoverføring osb.)
  • eigar- og festetilhøve
  • grenser og naboeigedommar vist på kart

Sakshandsaming

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre.

Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gi melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravd forretninga og alle som har grunnbokheimel til (eller kan bevise at dei eig) tilstøytande grunn.

Det blir ført protokoll frå oppmålingsforretninga.

Sakshandsamingstid

Når rekvisisjon for oppmålingsforretninga er mottatt og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan16 veker.

Klage

Klagefristen er 3 veker og gjeld frå det tidspunktet du har mottatt matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen.

Både heimelshavarar, eigarar og festarar som har interesse av avgjerda, kan klage på oppmålingsforretninga.

Du sender klagen til kommunen, som også kan gi rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar