Bustad, eigedom og kart

Grensejustering

Oppmålingsforretninga skal avklare grensar og andre tilhøve som er nødvendige for matrikkelføringa.

Ved ei oppmålingsforretning etter Matrikkellova § 33, blir grensar for grunneigedom, anleggseigedom, jordsameie, arealoverføring, uteareal til seksjonert eigedom eller festegrunn (som blir bortfesta for meir enn 10 år), kartlagt, justert, merka, målt og kartfesta.

Kven kan rekvirere?

Oppmålingsforretning kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. 
I dei tilfella der det er eit firma som er eigar av eigedomen, blir det krevd vedlagt firmaattest av nyare dato.

Søknaden skal innehalde

Ved rekvisisjon av oppmålingsforretning kan dette skjema nyttast. Om ikkje dette skjema nyttast blir underskrift av rekvirenten krevd på eit anna dokument. Rekvirenten må teikna inn kva grensar ein ønskjer oppmålingsforretning over, på kopi av målebrev eller utsnitt av grunnkartet. Hent kartutsnitt frå Fonnakart.

Saksgang

Når kommunen har mottatt rekvisisjonen, blir rekvirenten og naboar til eigedommen innkalla til oppmålingsforretningen pr. brev minst to veker i forkant viss ikkje anna er avtalt. Viss nokon møter i staden for dei som er innkalla, må desse ha skriftleg fullmakt til dette. Det blir deretter halde ein oppmålingsforretning over eigedommen der partane bidrar til å påvise grensene i samsvar med målebrev/skuldelingsforretningar og nye grensemerker blir sett ned i marka. Det blir skriven ein protokoll over kva som er føretatt og partane har 3 vekers klagefrist. I hovudsak blir grensene deretter nøyaktig kartfesta, lagt inn i matrikkelen og matrikkelbrev blir utstedt.

Gebyr 

Sjå kommunen sitt taksthefte (PDF, 415 kB) for oppmålingsforretning.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar