Bustad, eigedom og kart

Energiportalen bereknar energikostnadar

Vindafjord kommune har fått eigen gratis energiportal!

Mange oppfattar forvaltning av bolig som komplisert. Energiportalen er eit naturlig sted å starte, enten for deg som planlegger oppussing, ynskjer ein lågare strømregning eller å auke komforten og samtidig bidra til eit betre miljø.

Ynskjer du ein gratis objektiv energianalyse av din bustad?

Her vil du raskt få svar på kva energitiltak som lønar seg mest i nettopp din bustad! Portalen gjer det enklare for deg å manøvrera til trygg havn når valet står mellom store og små energitiltak.

Gå inn på http://vindafjord.energiportalen.no, legg inn adressa di og definer bustaden sin storleik. Deretter krysser du av for kva oppvarmingskjelder som nyttast i bustaden, kva standard bustaden har og om du har gjort nokre oppgraderingar.

Fyll inn informasjon som tal personar i hushaldet og kor ofte/kor lenge kvar person dusjer / tal karbad per veke.

Du legg også inn innetemperaturen i opphaldsrom og kor stor del av bustaden som er oppvarma, kva type belysing du har, samt teknisk utstyr.

Etter at informasjonen er fylt inn får du oppgitt dagens forbruk for for din husstand. Dette kan du samanlikna med det reelle forbruket ditt. Velg deretter ønska tiltak for bustaden din og få eit overslag for kor mykje energi og pengar du kan spare per år.

Vidare vil du få opp eit oversyn over lokale aktørar som kan utføre arbeidet med varmepumpe, vegg, golv eller vindu. Du kan også sjå på analyser av bustaden sin energibruk og årleg varmetapsbudsjett før og etter energitiltak. I tillegg kan du sjå korleis innsparingane fordelar seg over året eller på ulike område som oppvarming eller belysning.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar