Målgruppe
Hus- og bygningseigarar.
Kriterium/vilkår
For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningsloven for det føremålet eininga skal tene.
Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering eller reseksjonering kan skje:
-
Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
-
Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
-
Inndelinga må gi ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining
Skjemaer
Seksjonering/reseksjonering
Eksterne lenker
Seksjonering
Lovar
Eierseksjonsloven
Forskrift
Vedlegg
-
Skjema for seksjoneringsbegjæring
-
Planteikningar
-
Situasjonsplan - kart over eigedommen som skal seksjonerast
-
Vedtekter
-
Namneliste over dei som bur der
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket.
I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngi det. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir uendra, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.