Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slepp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og slå saman eigedommane.
Arealoverføring blir registrert i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.
Målgruppe
Eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameie
Kriterium/vilkår
Det må liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningsloven. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre.
Lovar
Forvaltningsloven
Matrikkelloven § 15
Forskrifter
Matrikkelforskrifta § 33
Rettleiing - korleis få utført eller få mottatt tenesta
Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sende alle nødvendige dokument samla til kommunen.
Seljaren skal vise at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra.
Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.
Skjema
Sjå Erklæring om arealoverføring. Blankettar frå Statens Kartverk
Saksbehandlingstid
Når det ligg føre eit endeleg vedtak om arealoverføring etter plan- og bygningsloven, skal kommunen behandle saka ferdig (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.
Saksbehandling
Kommunen innhentar nødvendige opplysingar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak frå plan- og bygningsloven. Erklæring med arealoverføring vert sendt til tinglysing. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som blir sendt til rekvirenten.
Klage
Klagefristen er 3 veker og gjeld frå det tidspunktet du har mottatt matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen.
Både heimelshavarar, eigarar og festarar som har interesse i avgjerda, kan klage på arealoverføringa.
Du sender klagen til kommunen, som også kan gi rettleiing. Dersom kommunen lar avgjerda bli uendra, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen blir tatt til følgje.