Oppmålingsforretninga skal avklare grensar og andre tilhøve som er nødvendige for matrikkelføringa.
Ved ei oppmålingsforretning etter Matrikkellova § 33, blir grensar for grunneigedom, anleggseigedom, jordsameie, arealoverføring, uteareal til seksjonert eigedom eller festegrunn (som blir bortfesta for meir enn 10 år), kartlagt, justert, merka, målt og kartfesta.