Bustad, eigedom og kart

Nabovarsel / Avstandserklæring

Det er tre typar skjema som vert brukte i samband med nabovarsling:

Nabovarsel (5154)

Opplysninger gitt i nabovarsel (5155)

Kvittering for nabovarsel (5156)

Alle disse 3 skjemaene finner du ved å trykke her.

 

Kven skal varslast?

Naboar:
Det vil seie dei som på eit punkt eller over ei strekning har felles grense med den aktuelle eigedommen.

Tverrbuarar:
Det vil seie dei som har eigedom vis a vis den aktuelle eigedommen (f.eks. på andre sida av veg/gate/plass ol.).

Nabovarsel skal sendast uavhengig om naboeigedommen er bebygd eller ikkje.
Dersom det er registrert to eigarar på ein eigedom, skal begge varslast (sjølv om dei er gifte med kvarandre).

Husk!

  • Nabovarsel gjeld både private- og offentlege eigedomar, kommunen.
  • I sameigarforhold og i burettslag er det tilstrekkeleg at styret blir varsla.
  • Festar av eigedom må bli varsla.

 

Krav til innhald i nabovarsel

I tillegg til nabovarselskjema må varselet minst innehalde teikningar og situasjonskart. Også andre opplysingar som vedkjem nabo/tverrbuar sine interesser skal vedleggjast.
Det skal vidare gå fram at eventuelle merknader blir sendt til kommunen i tillegg til ansvarleg søkjar.

Det skal gå fram av nabovarselet - at merknader frå naboar eller tverrbuarar må sendast kommunen innan to veker etter at nabovarsel er sendt og grunnlaget for nabovarselet er gjort tilgjengeleg.

 

Framgangsmåte

Det er to måtar å varsle naboar/tverrbuarar på:

1. Ved personleg påteikning:

  • Skjemaet "nabovarsel" må fyllast ut og bli gitt til kvar nabo. (+ kopi av teikning og situasjonsplan.)
  • Fyll ut begge sider på skjemaet "gjenpart av nabovarsel". 
  • Nabo/tverrbuar kvitterer så direkte på skjemaet. 
  • Kryss av i rubrikk for mottatt eller samtykke.
  • Kvittert gjenpart av nabovarsel skal sendast kommunen. (Ta kopi til eige bruk).

 

2. Ved rekommandert sending:

  • Skjemaet "nabovarsel" må fyllast ut og sendast til kvar nabo. (+ kopi av teikning og situasjonsplan.)
  • Fyll ut begge sider på skjemaet "gjenpart av nabovarsel".

Ta med alle skjema inkl. konvoluttar til posten og send nabovarsla rekommandert. Postverket vil så kvittere skjemaet "gjenpart av nabovarsel". 

Kvittert gjenpart av nabovarsel skal sendast kommunen. (Ta kopi til eige bruk).

Dei to framgangsmåtane kan godt kombinerast.

NB! Husk å krysse av i felt for dispensasjon der det vert søkt om dette.
       Husk å leggje ved kopi av teikning og situasjonskart.

 

Varsling ved søknad

Ved søknad om tiltak skal ansvarleg søkjar varsle naboar og tverrbuarar. Gjenpart av nabovarsel skal samtidig sendast kommunen saman med ei liste over dei som er varsla (eigarar og festarar).

Det skal gå fram av varselet - at merknader frå naboar eller tverrbuarar må sendast ansvarleg søkjar innan to veker etter at nabovarselet er sendt. 
Ved trinnvis saksbehandling blir det sendt varsel for forhold som gjeld rammeløyve, samt for endringar i desse forholda.

 

Merknader frå nabo

Dersom nabo/tverrbuar ikkje samtykker ved direkte avkryssing, har dei ei frist for å sende inn merknader på 14 dagar etter at varselet er sendt. Eventuelle merknader skal sendast til ansvarleg søkjar. I tillegg kan merknadene også bli sendt til kommunen.

 

Grunnlaget for krav til nabovarsel er sett i PBL§21-3:

"Før søknad blir sendt skal naboar og tverrbuarar (dei som bur på andre sida av vegen) bli varsla av søkjar, viss ikkje desse skriftleg har sagt at dei ikkje har merknader til søknaden. I varselet blir det gitt melding om at moglege merknader må vere komen til søkjar innan ein frist på minst 2 veker etter at varselet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort kjent.

Dersom grunneigar si adresse ikkje er kjent eller ikkje finst i matrikkelen, kan ein fritakast for varsling. Kommunen kan frita søkjaren frå å varsle naboar og dei som bur på andre sida av vegen når deira interesser ikkje eller i liten grad blir berørt av arbeidet. Kommunen kan krevje at også andre eigarar eller festarar enn dei som er nemnt i foregåande ledd, blir varsla. 

Gjeld søknaden riving etter § 20-1 første ledd bokstav e, skal søkjaren varsle dei som har pengeheftelsar i eigedomen.
Ved delt søknad skal det bare sendast nabovarsel for søknad om rammeløyve og søknad om tiltak som nemnt i § 20-1 første ledd bokstav m som ikkje er avklart i rammeløyve, eller endringssøknad om det same''

Departementet kan gi forskrifter med nærare bestemmelsar om nabovarsling.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar