Bustad, eigedom og kart

Korleis skjer tilsyn?

På tilsynsmøtet blir føretaket intervjua om korleis føretaket er organisert, om dei har eit styringssystem og om korleis dei gjennomfører kontrollen sin.

Varsel

I varselet blir føretaket informert om at tilsynet vil sjå dei delar av føretaket sitt styringssystem som gjeld det aktuelle tiltaket.:

  • Organisasjonsplan, som viser ansvars- og oppgåvefordeling, prosjektorganisering og fordeling av kvalifikasjonane blant føretaket sine faglege leiarar samt korleis føretaket sikrar at oppgåveløysing skjer på kvalifisert måte. (SAK§10 a)
  • Vise korleis føretaket bruker andre kvalifiserte føretak og korleis desse blir styrt. (SAK§10 b) 
  • Korleis føretaket ivaretar dei plikter og oppgåver som fylgjer av føretaket sitt ansvar og funksjon. (SAK§10 c) 
  • Identifikasjon av gjeldande krav i plan- og bygningslova for gjennomføring av oppdrag (SAK§10 d)
  • Rutinar for nødvendige og oppdaterte kunnskapar om PBL som er relevante for føretaket sitt godkjenningsområde. (SAK§10 e) 
  • System for å identifisere, rette opp og hindre at avvik blir gjentatt. (SAK§10 f)
  • Dokumentstyring (post, e-post, tlf, avtalar, fax, referat) (SAK§10 g)

 

Tilsynsrapport

Tilsynsrapporten vil halde seg til det som er varsla, og omhandle dei enkelte punkta i SAK§10 i samband med ei intervjuliste (PDF, 33 kB).

Føretaket vil bli gitt ein "stilkarakter" i samband med rundskriv HO-1/2004, pkt.8.1.

Der tilsynet finn manglar hjå føretaket, må dette bli avklara før tilsynet avsluttar saka.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar