Bustad, eigedom og kart

Klage på vedtak

Enkeltvedtak som er gjort etter Pbl§1-9 og Matrikkelloven § 46 kan bli klaga på i samsvar med Forvaltningsloven § 28.

Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunktet ein reknar med at melding om vedtaket er nådd fram til mottakaren.  Det er tilstrekkeleg at klagen er lagt i posten innan fristen. Klagen skal sendast til kommunen. Det kan ikkje bli klaga på tilhøve som er sett i bindande reguleringsplan eller ved dispensasjon.

Formkrav til klagen

Klagen må vere underteikna, - opplyse om det vedtaket det blir klaga over, - og dei endringar som er ønskt i vedtaket. Klagen bør vere grunngitt og innehalde alle dei opplysingar som har betydning for vurdering av klagen.

 

Kan byggearbeidet bli sett i gang, sjølv om det er innsendt klage?

Sjølv om det er innsendt klage, kan byggearbeidet - vanlegvis - bli sett i gang.
Om du meiner at byggestart må vente til klagen er avgjort, kan du i klagen be om "oppsettande verknad" (utsett igangsetting) av vedtaket. Det er kommunen som avgjer om "oppsettande verknad" skal bli gitt.

 

Kan eg få dekke kostnader (utgifter) ved klage?

Vurderer du å klage, kan du søkje om å få dekke utgifter til advokatbistand etter reglane for fritt rettsråd. For fritt rettsråd gjeld grenser for inntekt - og formue. Fritt rettsråd blir gitt av praktiserande advokatar som også kan orientere om ordninga.

Om klagen fører fram, kan du krevje at nødvendige kostnader ved klagen blir dekt etter føresegnene i Forvaltningsloven § 36.
Det kan òg krevjast å få dekke vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å ivareta dine interesser i klagesaka, dersom det blir funne rimeleg.

 

Har eg rett til å sjå dokumenta i saka - og krevje rettleiing?

Med dei grenser som blir sett i forvaltningsloven §§ 18 og 19 har du rett til å sjå dokumenta i di sak.

Du må i tilfelle vende deg til kommunen der du kan få nærare rettleiing om klagerett samt saksbehandlingsreglar og andre reglar av konkret betydning for dine rettar og plikter innanfor vårt saksområde.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar