Bustad, eigedom og kart

Huskeliste for situasjonsplan

Du kan bestille situasjonskart ved førespurnad til den kommunen der eigedommen ligg.

Kartet må vere i målestokk M = 1:1000 eller 1:500

Dette må du sjølv sørgje for å teikne inn på situasjonskartet før du sender det inn saman med ei byggesak:

Ny bustad

  • Nytt tiltak med målsetting.
  • Målsett avstand frå bustad til andre bygg.
  • Målsett avstand frå bustad til nabogrenser.
  • Målsett avstand frå bustad til senter veg.
  • Møneretning.
  • Terrengendringar som fylgje av det nye tiltaket ("skjæring", fylling, støttemurar o.l.)
  • Tilkomst/avkjøring til det nye tiltaket. Stigning på tilkomst. Eventuelle siktlinjer for avkjøring/tilkomst.
  • Framtidig garasje og oppstillingsplass for bil. (Plass til oppstilling av bil framføre garasjeport + bil må kunne snu på eigen grunn).
  • Det må bli oppgitt sokkelhøgde.
  • Tittelfelt med identifisering: Målestokk, G/B.nr., kva saka gjeld, dato.

Andre tiltak på same eigedom

  • Det nye tiltaket med målsetting.
  • Målsett avstand frå det nye tiltaket til andre bygg.
  • Målsett avstand frå det nye tiltaket til nabogrenser.
  • Målsett avstand frå det nye tiltaket til senter veg.
  • Møneretning.
  • Terrengendringar som fylgje av det nye tiltaket ("skjæring", fylling, støttemurar o.l.).
  • Tittelfelt med identifisering: Målestokk, Gnr./Bnr., kva saka gjeld, dato.
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar