Bustad, eigedom og kart

Generell informasjon om tilsyn

Det er slutt på den gamle kommunale bygningskontrollen, kommunen fører no tilsyn i samsvar med Pbl 2008 §25.

Kommunen skal sjå til at tiltaket er utført i samsvar med byggeløyve.

Gjennomføring av tilsyn

Føretak blir varsla om tilsynsmøte i god tid (minimum 1 veke før). Etterpå blir det sendt ein tilsynsrapport til føretaket, med kopi til kommunen og evt. DIBK. Les meir om korleis tilsyn skjer her....

 

Krav til styringssystem

Byggekontroll blir no utført av føretaka gjennom dokumentert eigenkontroll eller uavhengig kontroll. Desse dokumenta - saman med føretaket sitt kvalitetssystem er utgangspunktet for tilsynet.

Kva er meint med "Styringssystem"? - sjå her.

 

Kva med feil og manglar i byggesak?

Blir det avdekt at tiltaket ikkje er oppført i samsvar med lova, kan kommunen gi pålegg om stans av tiltaket fram til det påtalte forhold er kome i orden.

Blir det avdekt svikt hos ansvarshavande kan kommunen:

  • krevje uavhengig kontroll
  • gi åtvaring og/eller etter varsel 
  • trekkje godkjenninga av ansvarsretten 
  • nytte tvangsmulkt for å få rette opp feil

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) må bli underretta om åtvaring, tilbaketrekkjing av ansvarsrett eller krav om uavhengig kontroll. Dei fører eige tilsyn med føretak som har sentral godkjenning.

Ein innrapportering kan få betydning for søknad om sentral godkjenning eller fornying av slik søknad.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar