Bustad, eigedom og kart

Etasjetal

Talet på etasjar er regulert i Teknisk forskrift slik:

TEK § 6-1. Etasjetal

Talet på etasjar i ein bygning er summen av målbare etasjar og plan som ligg over kvarandre og som utgjer bygningen sin hovuddel og tilleggsdel. Fylgjande etasjar og plan blir likevel ikkje medrekna i talet på etasjar.

  • Kjeller som bare inneheld tilleggsdel og som har himling mindre enn 1,5 m over planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen, mellometasje som har bruksareal mindre enn 1/5 av underliggande heile etasjes bruksareal.
  • Loft som bare inneheld tilleggsdel og som har bruksareal mindre enn 1/3 av underliggande etasje sitt bruksareal.

Veileder TEK § 6-1 Etasjetal

Alle måleverdige plan som inneholder hoveddel, skal medregnes i etasjeantallet. Det spelar ingen rolle om hovuddel bare utgjør en del av etasjen, om den er over eller under terrengnivået rundt bygningen eller på loft. Det fører bl.a  til at underjordiske bygninger vil ha tellende etasjer (f.eks. T-banestasjoner) på samme måte som etasjer som inneholder hoveddel under terreng og som er del av en tradisjonell bygning.

Alle målbare plan som bare inneheld tilleggsdel og som har himling høgare enn 1,5 m over planert terreng, blir rekna med i talet på etasjar.

Mindre loft (som har bruksareal mindre enn 1/3 av underliggande etasje sitt bruksareal) blir ikkje rekna med i talet på etasjar med mindre dei inneheld hovuddel (f.eks. soverom). Med loft forstår vi i denne samanheng det øverste plan under ei skrå himling.

Kjellar som bare inneheld tilleggsdel, blir ikkje rekna med i talet på etasjar dersom himlingen er lågare enn 1,5 m over planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen. Slik kjellar kan innehalde garasje, fordi garasje er tilleggsdel.

Mellometasje/mezzanin som har bruksareal mindre enn 1/5 av underliggande etasje sitt bruksareal, blir ikkje medrekna i talet på etasjar. Med mellometasje /mezzanin forstår vi i denne samanheng eit plan som ligg med open forbindelse til underliggande plan.

 

Ein del er målbar når den oppfyller fylgjande tre krav:

  • Den har fri høgde over golv på minst 1,9 m i ei breidde på minst 0,6 m. Del med skråtak blir rekna som målbart til 0,6 m utanfor høgden 1,9 m eller til begrensende vegg eller annan bygningsdel, figur 1. Fri høgde er høgde til underkant himling eller til underkant av konstruksjonar som hanebjelker o.l. 
  • Den er tilgjengeleg via dør, trapp, permanent eller nedfellbar stige. 
  • Den har golv. Trappeopningar, heissjakter, vertikale sjakter og konstruksjonar er målbare sjølv om dei ikkje har golv.

Bruk av orda hovuddel, tilleggsdel og bruksareal, gjeld for alle delar av forskrifta der orda etasje eller etasjetal blir brukt.

I hovuddel inngår: opphaldsrom, soverom, kjøkken, bad, toalett, vaskerom, badstu, trimrom, rom for symjebasseng, vindfang, entrè, vinterhagar og rom for kommunikasjon, inklusiv trapp mellom rom som nemnt her.

I tilleggsdel inngår boder og oppbevaringsrom, garasje, fyrrom, søppelrom, tekniske rom, balkongar, terrassar og andre opne deler og rom for kommunikasjon, inklusiv trapp mellom rom som nemnt her.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar