Bustad, eigedom og kart

Estetikk - Byggeskikk

Kravet til byggeskikk/estetikk - også kalla "skjønnhetsparagrafen" - er omtalt i Pbl 2008 § 29-2 og Rundskriv H-7/97.

"§ 29-2. Visuelle kvalitetar 
Ethvert tiltak etter kapittel 20 skal prosjekteres og utføres slik at det etter kommunens skjønn har gode visuelle kvaliteter både i seg selv og i forhold til dens funksjon og dens bygde og naturlege omgivelser og plassering."

KAD-/MD-rundskriv H-7/97
"Estetiske hensyn skal heretter vektlegges sterkere i plan- og byggesaksbehandling."

Det er gitt ut ein rettleiar for estetikk i plan og byggesaker.

 

Tiltaket i forhold til seg sjølv

"Skjønnhetsparagrafen" uttrykker tiltaket - "i seg sjølv" - og - "i forhold til omgivnadane".

Prinsipp for tilbygg

Hovudregelen i rettleiaren i estetikk er:

  • Bruk av same takform og tilsvarande takvinkel som på hovudbygget (side 96).
  • Materialbruk og detaljering bør vere utført med slektskap til det opphavelege bygget (side 96).
  • Tilbygg skal underordne seg hovudbygget i volum og utforming. Hovudbygget sitt volum bør vere lesbart etter tilbygginga (side 99).

I samband med bygging av tilbygg, har det vore vanleg å seie at "språket" på hovudbygget skal takast igjen på tilbygget (Som mor - så dotter):

  • Er det liggjande panel på hovudbygget, bør det vere liggjande panel på tilbygget.
  • Er det smårutete vindauge på hovudbygget, bør det vere smårutete vindauge på tilbygget.
  • Er det saltak på hovudbygget, bør det vere saltak på tilbygget.
  • Eksisterande takvinkel på hovudbygget bør takast igjen på tilbygget.

Døme på tilbygg

Tiltaket i forhold til omgivnadane

"Skjønnhetsparagrafen" uttrykker tiltaket - "i seg sjølv" - og - "i forhold til omgivnadane".

I innstilling til Odelstinget nr. 37 1994-1995 er det gitt uttrykk for eit ønskje om å bruke lovgivinga meir aktivt for å sikre at estetikk og byggeskikk blir ivaretatt. Det kan ikkje tolkast inn noko krav om kvalifisert avvik for å kunne nytte § 74 nr. 2. Det avgjerande er om tiltaket er "godt nok til å tillates", jfr. Kommunal- og regionaldepartementet sitt rundskriv H-7/97, punkt 6.2.2, og om "tiltaket har et forhold til omgivelsene på en positiv måte", jfr. Ot. prpr. nr. 45 ( 2007-2008) side 220.

Føremålet med kravet om "respekt for naturgitte og bygde omgivelser" i pbl. § 74 nr. 2 er nettopp å presisere at ein ved utbygging skal ta omsyn til omgivnaden. Det gjeld både naturmiljøet og bygningar, topografi m.v. Det er såleis også anledning til å ta landskapsomsyn i samband med vurderinga av estetisk utforming og tilpassing til omgivnadene. Det blir i denne samanheng også vist til Rt. 1995 s. 1939 der det vart tatt miljøomsyn ved vurderinga av eit tiltak opp mot pbl. § 70. Det tilsvarande må då gjelde ved bruken av § 74 nr. 2.

Hovudregelen i rettleiaren i estetikk er:

  • La byggetomta sitt terreng og vegetasjon påverka tiltaket si utforming (side 79). Bygget skal tilpassast tomta - ikkje omvendt. Hus som er meint for flat tomt (til dømes - hus utan kjellar), kan ikkje utan vidare nyttast i skrånande terreng. (sjå tips 1A og tips 1B)
  • Tiltaket må føre vidare den etablerte byggestrukturen i området og vere godt plassert i forhold til omkringliggande bygg. I område utan sams struktur bør ikkje det nye tiltaket tilføre nok ein variant, men prøve å binde saman det som er der eller velje ein av variantane som er der frå før, gjerne den som er mest dominerande.

Dokumentasjon på å tilfredsstille krava i lova - om tiltaket i seg sjølv og omgivnaden, blir best gjort ved å sende inn fasadeteikningar der eksisterande og nytt terreng er teikna inn, snitteikning og i profilteikning der nabobygg er vist.
I nokre høve må tiltaket sin fjernverknad bli vurdert. Fjernverknad blir til vanleg dokumentert med perspektivpresentasjon, fotomontasje o.l.

 

Tips. 1A

Stigningar mindre enn 1:5 må reknast som flatt terreng der det td. kan byggast med kjellar.

 

Tips. 1B

Stigningar større enn 1:5 tilseier at det bør byggast med sokkel.

 

Kommunen sine vurderingar

Når det i lova står "etter kommunen sitt skjønn", er det mellom anna meint at kvar enkelt søknad vil bli vurdert individuelt.

 

Vedtekter for estetikk/byggeskikk

Nokre kommunar kan ha eigne vedtekter for estetikk. Ta kontakt med din kommune for å få opplysingar om desse.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar
Erle Aasheim Mæland
Einingsleiar
Tlf: 53 65 61 20
E-post: Send epost