Bustad, eigedom og kart

Dispensasjon

I visse høve kan det søkjast om dispensasjon frå krava som er sett i plan, føresegner eller forskrift.

Korleis søkjer eg om dispensasjon?

  • Søknad om dispensasjon kan formast i brevs form, og bli sendt til kommunen.
  • Søknad om dispensasjon kan sendast separat eller saman med bygge/delingssøknaden.
    (Dersom dispensasjonssøknad blir sendt saman med bygge/delingssøknad har dette kvart sitt gebyr. Det vil bli sett fram krav om betaling av begge gebyra - uansett utfall av saka.) Mange vèl derfor å avklare dispensasjonssaka først - og - sidan, når det endelege svaret på denne ligg føre - avklare byggesaka.
    Vert det gitt løyve til dispensasjon, kan resten av saka fylgje dei vanlege reglane om handsaming.
  • Ein søknad om dispensasjon skal nabovarslast (jamfør PBL§19-1).
    Nabovarselet må vedleggjast eit kart som viser kor det aktuelle tiltaket er.
  • Søknad om dispensasjon skal vere grunngitt (jamfør PBL§19-1). Grunngivinga skal vegast opp mot dei omsyn som lova skal ivareta (jamfør PBL§19-2, 2.ledd)

Fylgjande dokument skal sendast til kommunen:

  • Søknad om dispensasjon
  • Nabovarsel som er merka med Disp.
  • Situasjonskart der tiltak er teikna inn. 

Handsaming av søknad om dispensasjon

  • Handsaming av søknad om dispensasjon er med gebyr.
  • Frist for kommunen si handsaming av dispensasjonssøknader er 12 veker.
  • Kommunen sin administrasjon vil sende dispensasjonssøknaden på høyring, før administrasjonen tek stilling til søknaden.
  • Nokre kommunar har gitt delegert mynde til administrasjonen til å ta avgjerd i dispensasjonssaker, mens andre kommunar har delegert mynde til eit politisk utval, slik at administrasjonen må leggja saka fram for dei.
  • Klage på kommunen si avgjerd skal i nokre høve endeleg avgjerast hos Fylkesmannen.
  • Kommunen si avgjerd skal i nokre høve endeleg avgjerast hos Fylkesmannen.

Når kan det bli gitt dispensasjon?

I samsvar med Pbl 2008 §19-1., kan det søkjast om dispensasjon. Ein søknad skal vere grunngitt. Fylgjande kriteriar må vere ivaretatt:

  • Omsyn som ligg til grunn for regelen det vert søkt om dispensasjon frå, - eller omsyn i lova sitt føremål, må ikkje vesentleg bli sett til side.
  • Fordelene med tiltaket må etter ei samla vurdering vere klart større enn ulempene med tiltaket.

 

Kan eg få mellombels dispensasjon?

Mellombels dispensasjon kan bli gitt tidsavgrensa eller utan tidsavgrensing. Når tida for dispensasjon går ut, må søkjar fjerne eller endre tiltaket utan kostnader for kommunen.

Dispensasjonen kan bli gitt med vilkår av ei skriftleg stadfesting der eigar (festar) godkjenner slike plikter. Stadfestinga kan bli krevd tinglyst. Den er bindande for panthavar og andre rettshavarar i eigedomen utan omsyn til når retten er stifta og utan omsyn til om stadfestinga er tinglyst.

 

"Dispensasjonsføresegnene:

§ 19-1. Søknad om dispensasjon.

Dispensasjon krev grunngitt søknad. Før ei sak blir vedtatt, skal naboar varslast på den måten som nemnt i § 21-3. Særskilt varsel er likevel ikkje nødvendig når dispensasjonssøknad blir lagt fram samtidig med søknad om løyve etter kapittel 20, eller når søknaden åpenbart ikkje berører naboen sine interesser. Regionale og statlege myndigheiter, der saksområde blir direkte berørt, skal få sjanse til å uttale seg før det blir gitt dispensasjon frå planar, plankrav og forbodet i § 1-8.

 

§ 19-2. Dispensasjonsvedtaket.

Kommunen kan gi varig eller mellombels dispensasjon frå føresegner fastsett i eller i medhald av denne lov. Det kan setjast vilkår for dispensasjonen.

Dispensasjon blir ikkje gitt dersom omsyn bak føresegna det blir dispensert frå, eller omsyn i lova sitt føremål med føresegnene vesentleg blir sett til side. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Det kan ikkje bli gitt dispensasjon frå sakshandsamingsreglar.

Ved dispensasjon frå lova og forskrifter til lova blir det lagt særleg vekt på dispensasjonen sine konsekvenser for helse, miljø, sikkerheit og tilgjenge.

Ved vurdering av om det blir gitt dispensasjon frå planar skal statlege og regionale rammer og mål leggjast særleg vekt på.  Kommunen bør heller ikkje dispensere frå planar, lova sine føresegner om planar og forbodet i § 1-8 når ein direkte berørt statleg eller regional myndigheit har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden.

 

§ 19-3. Mellombels dispensasjon.

Mellombels dispensasjon blir gitt for tidsbestemt eller for ubestemt tid. Ved dispensasjonstida sitt utløp eller ved pålegg, må søkjaren utan utgift for kommunen fjerne eller endre det utførte, opphøyre med mellombels tillatt bruk, eller oppfylle det krav det er gitt utsetjing med, og viss det vert kravd, gjenopprette den tidlegare tilstand.

Dispensasjon kan gjerast betinga av erklæring der også eigar eller festar for sin del aksepterer desse forpliktelsane. Erklæringa kan krevjast tinglyst. Den er bindande for panthavarane og andre rettshavarar i eigedomen utan omsyn til når retten er stifta og utan omsyn til om erklæringa er tinglyst. (I kraft 1. juli 2009, sjå § 34-1).

 

§ 19-4. Dispensasjonsmyndigheita.

Myndigheita til å gi dispensasjon ligg hos kommunen.

Dersom det er nødvendig for å ivareta nasjonale eller viktige regionale interesser og omsyn i nærare angitte deler av strandsone eller fjellområde, kan Kongen i forskrift leggje myndigheita til å gi dispensasjon frå bestemte planar, eller for bestemte typer tiltak, mellombels til eit regionalt eller statleg organ."

 

Når er det trong for dispensasjon frå andre mynde?

Bygg kan kome i strid med anna lovverk enn pbl. I slike høve vil ein ikkje oppnå byggeløyve før tiltaket er avklart etter alle lovverk. Søknad til bygningsmynde vil bare avklare tiltaket etter pbl.

Tilhøve vedkommande avstand til veg vil normalt verte vurdert av bygningsmyndigheitene i samband med handsaming av byggjesøknaden, og oversendast aktuelle fagmyndigheiter. Ved tvil bør du likevel ha gjort naudsynte avklaringar med aktuelle mynde før innsending av byggjesøknaden. Om ei slik avklaring følgjer byggjesaka vil kommunen bruke kortare tid til å fatte vedtak i saka.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar