Bustad, eigedom og kart

Byggjeplanar - Kva er unntatt og kva må du søkje om?

 Må du søkje om alt dette?

Klikk for stort bilete

Når du skal byggje noko, kan det vere søknadspliktig etter plan- og bygningsloven (pbl) § 20-2  eller det kan vere unntatt søknadsplikt etter pbl § 20-5 og forskrift om byggesak (SAK10) § 4-1. Dersom det er søknadspliktig kan det anten hende at du må engasjere ein ansvarleg søkjar til å søkje for deg, etter pbl § 20-3, eller du kan søkje sjølv som tiltakshavar dersom det du skal gjere kjem inn under føresegnene i pbl § 20-4 og SAK10 § 3-1

Eit oversyn over ein del av dei mest vanlege byggjearbeida, og kva reglar som gjeld for søknadsplikt for dei ulike arbeida finn du her (PDF, 212 kB).

Kven har ansvaret for at ting blir gjort riktig?

Du som tiltakshavar og dei føretaka du eventuelt engasjerer til å vere ansvarlege for ulike delar av jobben, er ansvarlege for at arbeida blir utført i samsvar med plan- og bygningslovgivinga. Det vil mellom anna seie arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan), forbod mot tiltak m.v. langs sjø og vassdrag i pbl § 1-8 og byggteknisk forskrift (TEK17). Du vil også ha ansvar for at tiltaket ikkje kjem i konflikt med anna regelverk, som til dømes naturmangfoldloven og lov om kulturminner. Ver særleg merksam på at dette også gjeld om det du skal gjere er unntatt frå søknadsplikt og byggjesakshandsaming. For tiltak som er unntatt må du også sjølv passe på å få tak i nødvendige uttalar og samtykke frå andre styresmakter der det er nødvendig. Sjå eige informasjonsark for meir utfyllande informasjon om dette.

Det du skal byggje må vere i samsvar med arealplanen som gjeld for din eigedom

Det du skal byggje må vere i samsvar med gjeldande planføresegner for området. Tiltaket må ikkje vere i strid med planføremål, utnyttingsgrad, byggjegrenser, avstands- og høgdereglar, krav til utforming (tilpassing til omgivnader) osb. Dersom det gjeld verneverdige bygg må tiltaket bli avklart med kommunen. Planføresegner for eigedomen din kan du finne ved å kontakte kommunen. Vindafjord kommunar har planar og planføresegner liggjande elektronisk slik at du sjølv kan hente ut informasjonen.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar