Enkeltvedtak som er gjort etter Pbl§1-9 og Matrikkelloven § 46 kan bli klaga på i samsvar med Forvaltningsloven § 28.
Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunktet ein reknar med at melding om vedtaket er nådd fram til mottakaren. Det er tilstrekkeleg at klagen er lagt i posten innan fristen. Klagen skal sendast til kommunen. Det kan ikkje bli klaga på tilhøve som er sett i bindande reguleringsplan eller ved dispensasjon.