Bustad, eigedom og kart

Bålbrenning - reglar og forskrifter

Opplæring i brannvern - Klikk for stort bilete

Ein kvar plikter å utvisa aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan medføra brann.
Registrer ditt bål i skjemaet.

Det er forbode å gjera  opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold at det kan føra til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før han er sløkt. Dette er reglar som gjeld heile året.

MELLOM 15.04 OG 15.09 ER DET FORBODE Å GJERA OPP ELD NÆR SKOG OG I ALL ANNAN UTMARK UTAN LØYVE FRÅ KOMMUNEN.

I periodar med særskilt stor brannfare kan kommunen innføra forbod mot å gjera opp eld i bestemte område utanfor tidsrommet 15.04 til 15.09. Det er likevel høve til å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføra brann.

«Å  gjere opp eld» omfattar meir enn bålbrenning. Det omfatter eksempelvis bruk av eingongsgrillar og andre bål og peisinnretningar. Oppsending av skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er også omfatta av begrepet

 

Forskrift om open brenning og brenning av avfall i utendørs småomnar for Vindafjord Kommune

Forskrift om brannforebygging for heile Noreg - 01.01.2016

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Haugaland brann og redning Iks
Dikterveien 8, Haugesund Dikterveien 8
5538 Haugesund
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 919 10 111