Skredfarekartlegging i Vindafjord
NVE arbeider for å få på plass eit nasjonalt kartgrunnlag – faresonekart skred – for område med stort skadepotensial frå skred i bratt terreng. Vindafjord kommune er ein av kommunane som er kartlagt. Ferdig utarbeida rapport er tilgjengeleg på kommunen og NVE sine nettsider
Rapporten presenterer resultata av faresonekartlegginga av skred i Vindafjord. I kartlegginga inngår utarbeiding av faresonekart i høve til krava i byggteknisk forskrift (TEK 10), som viser faresoner for skred med nominell årleg sannsynlegheit på 1/100, 1/1000 og 1/5000. Sannsynlegheita gjeld skred som utgjer fare for tap av menneskeliv og skadar på bygg.
Skredtypane snø-, sørpe-, stein-, jord- og flaumskred er kartlagt.
I Vindafjord er følgande område kartlagt (utvalt på bakgrunn av eksisterande busetnad i kombinasjon med bakanforliggande bratt terreng):
-
Kjellesvik
-
Vaka
-
Kåta
-
Berge
-
Øvrehagen – Hamre
-
Ilsvåg
-
Hålandsbakken – Strand
-
Søndenå – Urabø
Publisert08.05.2017 10.34