Alle kommunar skal gjennomføre planlegging med sikte på å samordne den fysiske -, sosiale -, økonomiske - , estetiske - og kulturelle utviklinga i kommunen. Planlegginga skal ha ein langsiktig og ein kortsiktig del.
Den langsiktige delen handlar om mål for utviklinga i kommunen, retningsliner for sektorane i kommunen og ein arealdel som syner arealbruken i kommunen
Den kortsiktige delen handlar om den kommunale aktiviteten dei næraste åra.
Kommuneplanen skal rullerast minst ein gong i kvar valperiode.
Plan- og bygningslova er den sentrale lova for offentleg styring av det fysiske miljøet i kommunen.
Ved hjelp av offentlege og private reguleringsplanar, samt meir detaljerte utbyggingsplanar bestemmer kommunen korleis areal skal nyttast. I planprosessen vert det lagt vekt på innsyn og medverknad frå innbyggjarane i kommunen.
Under Kunngjering finn du kva planar som er ute til offentleg ettersyn.