Bustad, eigedom og kart

Ras-vurderingar ved Søndenå-feltet

Vindafjord kommune varsla i haust oppstart av reguleringsendring for Søndenå- feltet sør. Bakgrunnen for dette er eit ønske om å sjå på deler av planområdet på nytt. Ein del tomter er små og ligg i særs bratt terreng og har nokre stadar vanskeleg tilkomst. Kommunen ønsker å sjå om ein kan finne nye løysingar og vil også vurdere andre buformer enn einebustad i området.

Søndenå-feltet ligg innanfor NVE sitt aktsemdskart for skred. Det vil derfor i samband med planarbeidet vere naudsynt å vurdere skredfaren i området. NVE skal i gong med ei skredkartlegging for fleire aktuelle område i Vindafjord kommune, inklusiv området Søndenå – Urabø. Dette kartleggingsarbeidet skal skje i løpet av 2016, med planlagt ferdig rapport mot slutten av året. Kommunen har derfor vurdert og funne det rett å la planarbeidet vente til farevurderinga føreligg.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar